Hopp til innhold

- Foreldre må følgje med

Politiet meiner foreldre har eit stort ansvar for å få bukt med narkotikaen i fylket.

Johan Brekke
Foto: Merete Husmo Høidal / NRK

Dei 12 siste åra har 12 personar døydd av rus i Flora.

Politimeister Johan Brekke seier politiet brukar relativt store ressursar på å bekjempe narkotika.

Fokus på narkotika

- Narkotika er kanskje eit mindre problem i Sogn og Fjordane enn i andre fylke. Nettopp difor er narkotikafeltet der politiet sjølve kan jobbe fram saker, eit felt som er viktig å ha fokus på, seier Brekke.

Men han meiner at også skule, barnevern og helsevesen må ta ansvar.

- Foreldre har eit viktig ansvar for sine eigne ungdomar. Foreldre må følgje med og stille kritiske spørsmål. Det trur eg nesten er det viktigaste.

- Eg har sjølv tenåringar, og eg trur det er viktig at alle foreldre har fokus på det, seier Brekke.

Stabilt tal

Fleire NRK har snakka med stadfestar at i løpet av 2008 og 2009 mista fem personar livet på grunn av rus i Flora. Politiet har berre registrert eitt dødsfall i 2008 og 2009.

- Forklaringa må vere at det er registrert som noko anna. Dette er kunnskap dei pårørande har som ikkje er kome til uttrykk i statistikkane, seier Brekke, som ikkje trur det har blitt fleire rusmisbrukarar i Sogn og Fjordane dei seinare åra.

- Eg trur talet er nokonlunde stabilt. Men det er sjølvsagt viktig at politiet har fokus på narkotika for å halde det på eit ikkje alt for høgt nivå, seier han.

Førebygging er viktig

Politiet jobbar mot bakmenn som sel narkotika, men prioriterer også arbeid for å unngå at ungdom byrjar med narkotika.

- Eg har erfart at store tunge bakmennsaker er så ressurskrevjande at det går på bekostning av den aktiviteten du kanskje klarer å gjere i forhold til å hindre rekruttering til narkotikamiljøet, seier han.

- I periodar når du ikkje har dei tunge bakmennsakene kan du gjere meir for å førebyggje, seier han.