Hopp til innhold

Store mørketal for overdosar

Dei 12 siste åra har 12 personar døydd av rus i Flora.

Narkotikamisbruk

Illustrasjon

Foto: Skovdal & Skovdal / colourbox.com

I løpet av 2008 og 2009 mista fem personar livet på grunn av rus. Fleire NRK har tala med stadfestar talet. Tala til politiet derimot, er derimot langt lågare.

- I verste fall kan det gjerast feil ved koding, vurdering og det kan vere omstende ved dødsfallet som gjer at det kanskje får ei anna koding enn det skulle hatt, forklarar stasjonssjef Nils Erik Eggen i Florø.

- Ein kjenner skam

Innbyggjarane i kystbyen er uroa over utviklinga. Arny Bjørvik, som sjølv er mor til ein rusmisbrukar, meiner fem overdosedødsfall er mykje for ein liten stad som Florø.

- Det ser ut til at det går denne vegen med dei fleste som slit med desse problema. I dødsannonsene står det ikkje kva dei døyr av. I veldig mange dødsannonser til unge, er eg redd for at det har vore mykje slikt inne i biletet. Ein kjenner skam. Ein vil ikkje at det skal stå "overdose" i dødsannonsen. Det er veldig, veldig vondt, seier ho.

- Alvorleg

Bjørvik tykkjer situasjonen er alvorleg.

- Eg veit godt kven dei er, og kven foreldrene er. Det er sårt. Ikkje nok med at vi slit med våre eigne, men vi tek også innpå oss kva andre har slite med, seier ho.