Hopp til innhold

- Far til Simon fila fingertuppane

Utlendingsnemnda, UNE, tilbakeviser kritikken frå advokat Roland Kjeldahl i saka om den ni år gamle flyktningen Simon og faren hans Fkade Thaye.

Simon og faren Fkade Thaye bur i Bari

Simon og faren bur no i den italienske byen Bari.

Foto: Privat

I går skreiv UNE -sjef Terje Sjeggestad ein kronikk i VG der det kom fram at Fkade Thaye bevisst har halde identiteten sin tilbake for norske myndigheiter.

Advokaten meiner dette ikkje stemmer .

- Har ikkje lagt korta på bordet

Men informasjonssjef i UNE, Bjørn Lyster, seier Fkade Thaye mellom anna har fila fingrane for å unngå fingeravtrykk. Han seier at det er ingen tvil om at Sjeggestad har full dekning for det han skriv i kronikken.

- Dersom nokon kjem hit og gjer skade på fingertuppane slik at ein ikkje kan kjennast att ved fingeravtrykk, og heller ikkje opplyser at ein har vore i andre land i Schengenområdet, då er det klart at ein ikkje har lagt korta på bordet.

Først då det vart mogeleg å ta fingeravtrykk, vedgjekk Thaye at han hadde vore i Italia.

- Advokaten hevdar at det ikkje kjem fram i nokon dokument at han har skjult identiteten sin. Kva meiner du om dette?

- Dette burde advokaten heilt klart vite.

- Merkeleg

Lyster meiner at hovedpersonen i saka ikkje har noko å tene på at saka blir belyst slik i media.

- Det hadde vore betre om dette vart liggjande slik at det vart ro om saka når den no skal behandlast i Italia.