Hopp til innhold

- Skivebom av Sjeggestad

- Det er totalt skivebom av direktøren i Utlendingsnemnda å seie at Simon og faren Fkade Thaye har bløffa seg inn i Norge, seier advokaten deira, Roland Kjeldahl.

Simon og faren Fkade i Bari
Foto: Bert Degreave

I ein kronikk i VG måndag skreiv direktør Terje Sjeggestad i Utlendingsnemnda - UNE - at Fkade kunne vore brukt som eit døme på ein som prøvde å bløffe seg til opphald i Norge .

– Plumpe uttrykk

Advokat Roland Kjeldahl er skuffa over UNE-direktøren sine påstandar om at faren skal ha operert med falsk identitet og ei usann asylhistorie.

– Det er skuffande at direktøren for UNE tyr til den slags plumpe uttrykk i ei såpass alvorleg sak.

Saka om den ni år gamle flyktningen Simon og faren hans Fkae Thaye har vekt stor merksemd. Direktør Terje Sjeggestad i Utlendingsnemnda skreiv i ein kronikk i VG i går at årsaka til at dei to vart utviste ikkje er komen fram.

Direktør i UNE Terje Sjeggestad
Foto: Poppe, Cornelius / SCANPIX
– Falsk identitet

Han skriv at Fkade Thaye har bløffa seg inn i Norge, operert med falsk identitet og ei usann asylhistorie. Advokaten til dei to meiner Sjeggestad ikkje kan kjenne saka.

– Det er ikkje nemnt nokon stad i sakspapira eller i vedtaket til UDI at faren skal ha oppgitt falsk identitet, eller at dei på nokon måte skal ha skjult seg eller prøvd å unngå utsending, så det er skivebom.

Niåringen og faren kom til Norge frå Italia der dei først kom då dei flykta frå Eritrea. Årsaka til at dei måtte ut av Norge er todelt, ifølgje UNE. Fkade Thaye registrerte seg som asylsøkjar i Italia før han kom til Norge, og han har gjeve feil informasjon om kven han er til norske myndigheiter, meiner Sjeggestad.

– Må sette seg inn i saka

– Denne kronikken berre strekar under kor viktig det er å sette seg inn i ei einskild sak før ein uttalar seg om ho. Det er vanskeleg for meg å sjå korleis Sjeggestad kan gjere dette godt igjen, seier advokat Roland Kjeldahl.


Støttegruppa for å få dei to tilbake til Florø der dei budde i 18 månader meiner omsynet til guten på ni år må kome i første rekkje, seier Kåre Leif Hollevik i støttegruppa.

– Vi snakkar ikkje om ein pappa som bløffar, vi snakkar om ein pappa som har vore gjennom ei hard flukt og som har handla slik fedre gjer mot sine søner. Han er blitt avkrevd fingeravtrykk mot å gje sonen mat etter ei farefull flukt.

NRK har ei rekkje gonger prøvd å få kommentar frå direktør Terje Sjeggestad i Utlendingsnemnda, utan å lukkast.