Hopp til innhold

- Bløffa seg til opphald i Norge

Direktør Terje Sjeggestad i Utlendingsnemnda om faren til ni år gamle Simon.

Direktør i Utlendingsnemnda, Terje Sjeggestad.

Direktør i Utlendingsnemnda, Terje Sjeggestad

Foto: Poppe, Cornelius / SCANPIX

I ein kronikk i VG i dag, måndag 21. September, skriv direktøren i Utlendingsnemnda, Terje Sjeggestad, at media systematisk «utelatar viktige opplysningar i følelseslada asylsaker».

Falsk identitet

Konkret tar han fram to saker, ein av dei gjeld den såkalla Simon-saka i Florø . Saka om ni år gamle Simon og faren hans som etter 18 månader i Florø vart sende tilbake til Italia for å få asylsaka si behandla der. Dei vart råka av Dublin-konvensjonen som seier at spørsmålet om opphald skal behandlast av det første landet dei kjem til.

«Men TV-sjåarane har ikkje fått vite at Simons far i tillegg er utvist for brot på utlendingslova», slår Terje Sjeggestad til og skriv vidare;

«Han kunne vore brukt som eit konkret eksempel på ein som prøvde å bløffe seg til opphald i Norge ved å gi opp falsk identitet og usann asylhistorie».

Ikkje uviktig, men

Direktøren i Utlendingsnemnda understrekar at dekninga av saka ikkje er uviktig. Men han vil ha meir fokus på eit av dei mest omtalte tema i valsendingane på TV, asylsøkjarar som skjuler identiteten sin.

Han peikar også på at media berre tek fram enkelte saker, og at det finst langt fleire saker som aldri blir omtalt.