Hopp til innhold

- Ekstremt nøgd med femteplass

Roger Navarsete frå Sogndal vart i går nummer fem i VM i benkpress i Pilsen i Tsjekkia.

Roger Navarsete
Foto: Anna Gytri / NRK

22-åringen løfter i klasse 93 kilo junior og fekk opp 222,5 kilo. Det heldt til femteplass.

– Det er eg ekstremt godt nøgd med. Eg har 223 kilo som personleg rekord, så dermed presterte eg så godt som maksimalt.

Beste internasjonale prestasjon

Navarsete er inne i sitt fjerde år som styrkeløftar, og han er junior ut neste år. Femteplassen i VM er hans sterkaste internasjonale prestasjon. Vinnar av klassen vart Bogdan Grinevych frå Ukraina med 265 kilo.

Opp til bronsemedaljen var det 32,5 kilo. Roger fekk opp 222,5 kilo i sitt tredje forsøk etter å ha fått godkjent 217,5 kilo i det første løftet. Då låg han på fjerdeplass fordi tre av dei sterkaste løftarane fekk underkjent sine opningsløft.

Les meir om resultata til Roger Navarsete.

I morgon skal klubbkameraten Dag André Mo i elden klokka 18.00.

Dag Andre Mo og Roger Navarsete

TO SOGNDØLER I VM: Roger Navarsete saman med Dag André Mo (t.v.)

Foto: Erlend Røysum