Hopp til innhold

Henta medaljar på benkpress-NM

Fredrik Eskil Myrvang (20) frå Naustdal sette ny norsk junior rekord under NM i benkpress laurdag.

Fredrik Eskil Myrvang

NY REKORD: Fredrik Eskil Myrvang frå Naustdal sette ny norsk rekord under NM i benkpress.

Foto: Simon Solheim / NRK

Med eit sisteløft på 122,5 kilo, slo han den norske rekorden med 2,5 kilo. Den var det for så vidt han sjølv som hadde.

- Eg er godt nøgd med at eg fekk til å løfte så bra. Det var målet mitt når eg reiste ned, seier Myrvang til NRK etter stemnet.

Myrvang løfta i klassen 53 kilo, junior, og pressa opp over dobbelt så mykje som si eiga kroppsvekt. Han har allereie imponert så mykje at Norges styrkeløftsforbund vil satse på han fram mot Paralympics i London 2012.

Fleire norske rekordar

Det var også fleire benkpressarar frå Sogn og Fjordane som gjorde det sterkt under meisterskapen som gjekk i Bjølsenhallen i Oslo.

Dag Andre Mo frå Sogndal IL hadde to sterke løft. I det andre løftet sette han ny norgesrekord for senior med 275 kilo.

I tredje løftet prøvde han å flytte rekorden endå litt til. Men 282,5 kilo vart ikkje godkjent.

(Artikkelen held fram under biletet)

Dag Andre Mo (frå venstre), Roger Navarsete og Jonas Nyløy Navarsete

GULL: Dag Andre Mo (t.v) vann gull. Det gjorde også Roger Navarsete (midten). Jonas Nyløy Navarsete kom på 6. plass i sin klasse.

Foto: Erlend Røysum

Vann med berre 2,5 kilo

Roger Navarsete (21) frå Sogndal sikra seg gullmedaljen i klasse 93 kilo, junior. Det gjorde han med eit løft på 212,5 kilo. Det var aller mest av dei 13 løftarane i vektklassen.

- Eg følte det gjekk ganske bra i dag, og er veldig nøgd med resultatet, seier Navarsete til NRK.

Det er tredje NM i benkpress sogningen er med på, og hans aller første gullmedalje.

- Det er spesielt kjekt å vinne når det er så tøff konkurranse, seier Navarsete som fortel at det berre var 2,5 kilo som skilte mellom gull og sølvmedaljen.

Sogningar på 4. og 6. plass

Jonas Nyløy Navarsete, også han frå Sogndal, løfta 120 kilo, og enda til slutt på fjerde plass i klassen 74 kilo junior.

Jan Åge Øy frå IL Jotun løfta i klasse 105 kilo, junior. Han pressa opp 202,5 kilo, men dette var berre nok til ein sjetteplass.

Frå same klubb deltok Arve Otto Nundal i klasse 83 kilo. Han prøvde tre gonger på 170 kilo, men fekk underkjent alle løfta.

PS: Søndag er det veteranløftarane som skal i elden. Då løftar både Arild Kråkenes og Geir Reidar Hestethun, begge frå IL Jotun.