Hopp til innhold

- Eg trur eg skreik høgast av alle

Klok av skade etter sist meisterskap valde Roger Navarsete (22) å spare på stemma etter at han sette ny norsk rekord heile to gonger under benkpress-NM. Lagkamerat Dag André Mo skreik derimot høgast av alle.

Dag Andre Mo og Roger Navarsete

NYE NORSKE REKORDAR: Både Dag Andre Mo (t.v.) og Roger Navarsete kom heim med gull i bagasjen.

Foto: Erlend Røysum

Benkpressarane Dag André Mo og Roger Navarsete, begge frå Sogndal, skreiv seg inn i rekordbøkene under meisterskapen som gjekk av stabelen i Molde i helga.

Dei to sogningane har hatt fullt fokus på trening siste tida, og imponerte med norske rekordar i kvar sin klasse. Roger Navarsete slo sin eigen norske rekord, to gonger.

– Eg trur faktisk eg hadde klart endå nokre kilo, seier Navarsete til NRK.no.

22-åringen er student i Oslo og trenar benkpress fem gonger i veka. Treninga er ikkje noko han tek lett på, og i tillegg til mange timar med vektene er han også strukturert med mat og kvile.

– Det er hardt for kroppen å trene så mykje, men eg tøyer godt og passar på å få nok mat og kvile, fortel han.

Torde ikkje skrike

Og treninga har gitt resultat. Under benkpress-NM i Molde denne helga hadde sogningen sett seg som mål å flytte sin eigen norske rekord i vektklassa 93 kilo. Og det klarte han. Men før han skulle ta til på oppvarminga fekk han seg ein liten støkk.

– Då eg gjekk på vekta såg eg at eg berre var 91.6 kilo. Det er nesten ein kilo mindre enn det eg plar vere, så eg var litt redd det skulle gå utover forma, seier han.

Men på oppvarminga fekk han stasfestinga på at forma var der den skulle. Etter å ha pressa opp 215 kilo lett i førsteløftet gjekk han på 221 kilo i neste. Det er ein kilo betre enn den førre noregsrekorden hans. Dette var leikande lett og han gjekk opp endå to kilo til 223 i sisteløftet.

– Det gjekk ganske lett. Eg trur faktisk eg hadde klart 225 også, som var den eigentlege planen min, seier han.

– Korleis jublar ein etter eit slikt løft?

– He-he, på sist stemne skreik eg så høgt at eg nesten miste stemma heilt, så eg skreik ikkje denne gongen. Det vart med eit nikk og eit smil, flirer han.

Klar for VM

Med tittelen i lomma er Navarsete søndag allereie tilbake i Oslo, og på e-post har han fått eit nytt treningsprogram. Sogningen er på landslaget og er klar for hardtrening allereie to dagar etter utladinga.

– Det blir ikkje tid til å kvile på laurbæra. No er det trening fram mot VM i slutten av mai som gjelder, seier han.

Eg trur eg skreik høgast av alle

Også lagkameraten Dag André Mo kunne reise heim med edelt metall i bagasjen. Mo konkurrerer i open klasse 105 kilo, og også han noterte seg for ny norsk rekord. 280 kilo i det andre løftet gjekk leikande lett.

– Eg vart veldig letta. Eg trur eg var den som skreik høgast av alle etter å ha fått godkjent løftet. Det var ei skikkeleg utlading, ler han.

For det å få godkjent eit løft på 280 kilo er noko Mo har prøvd fleire gonger. Dette er fjerde gongen han prøver seg på vektene på eit stemne.

– Eg har fått det til på trening, men det har ikkje vore så lett å få det til i konkurranse, seier han og legg til:

– Men no har eg fått full klaff med opplading. Eg har trent godt sidan september og det var berre så godt å endeleg klare det, seier han.

I det tredje og siste løftet prøvde han seg på 290 kilo, men her kom han litt skeivt ut og måtte gi seg på det. Mo vart ståande med 280 kilo som er ny norsk rekord, og no er også han klar for å gi alt fram mot VM.

– No blir det to månader med skikkeleg hardtrening, så får vi håpe at forma er like bra då, seier han.

Gull og bronse

Også Fredrik Myrvang frå Førde henta heim gullmedaljen og norgesmeistertittelen i klasse 53 kilo for junior.

IPC-landslagsløftaren tok lett 110 kilo utan benkskjorte i første løft. I andre og tredje løft prøvde han seg med benkskjorte for første gong, men begge gonger bomma han på 150 kilo.

Per Otto Hauge frå Sogndal tok i tillegg bronse i klasse 120+ for junior herrar med eit godkjent løft på 175 kilo.