Hopp til innhold

- Det reinaste tøv

Valforskar avfeier kritikk om gnål som tøv. Småparti krev folkeavrøysting om sjølvstyre. Vestlendingane raser mot syte-kritikken.

Hardangerfjorden

Uttalelsane til professor Iver B. Neumann om sytete vestlendingar som kjempar for kraftliner, har skapt stort engasjement på Vestlandet. Støtteerklæringane til Neumann er heller få på den sida av landet.

Foto: Christensen, Marte/Scanpix / Aftenposten

Reaksjonane har ikkje lat vente på seg etter at professor Iver B. Neumann i dag gjekk ut og sa at vestlendingane bør slutta å gnåle om kraftlinene.

– Hardangerstriden er gnål i frå små grupper i periferien. Ikkje nokon anna stad i verda får periferiene meir pengar enn i frå hovudstaden enn i Noreg, og likevel er dei sure og sinte på avgjerelstakarane i Oslo, sa professoren.

Aarebrot: Det reinaste tøv

Frank Aarebrot har ikkje mykje til overs for utspelet frå professorkollega Neumann.

– Det er jo det reinaste tøv. I forhold til nasjonalformuens fordeling overfører me utruleg mykje pengar til Oslo.

Han viser til at det er ikkje berre vestlendingar som har protestert på kraftliner.

Frank Aarebrot Valgforsker

- Dette er tøv, meinar Frank Aarebrot om utspelet frå Iver B. Neumann.

Foto: NRK

– Det var jo ikkje gnål i 1946 då oslofolk gjekk på gata for å hindra kraftliner i Nordmarka, seier valforskaren.

– Så min kommentar til dette utspelet er eigentleg at om dette representere Oslo si tankekraft, så synes eg dei kan behalda tankekrafta, så lenge me kan få behalda vasskrafta vår, avsluttar Aarebrot.

Nettstorm og landsengasjement

Men det er ikkje berre vestlendingane som har vorte engasjerte av utspelet i frå professoren i Oslo.

Nettversjonen av saka på NRK sine nettsider har fått hundrevis av innlegg i kommentarfeltet. I tillegg har NRK Hordaland vorte oppring av personar i frå heile landet, som vil fortelja om sine meiningar.

– Korleis går det i ødemarken i Bergen? spør ein innringar i frå Bodø. – Eg har slått opp i ordboka, og «periferien» betyr ødemark. Eg har tidlegare budd i Bergen, og eg må jo sei eg såg ganske mykje folk i Hordaland, på den tida, meiner nordlendingen.

– Folk er «drita lei» Oslo-arrogansen

Eit av dagens sterkaste utspel kjem i frå det vestlandsbaserte småpartiet Sentrumalliansen.

Dei krev folkeavrøysting om større sjølvstyre til Vestlandsregionen.

– Bakgrunnen for dette er at me er lei uretten mot både Vestlandet, og distrikta elles i landet. Kraftlinene i seg sjølv er jo ei alvorleg sak, men engasjementet stikk djupare. Det er frustrasjon på mange ulike område som kjem til syne igjennom saka om kraftlinene i Oslo.

– Eg trur ikkje Oslo har skjønt alvoret. Folk byrjar å bli «drita lei» hovudstadsarrogansen og den manglande kontakta med grasrota hjå politikarar. Det tvingar fram ein reaksjon som Frank Aarebrot allereie har åtvara mot, seier Frode Larsen i Sentrumsalliansen.

– Vår målsetnad no er å få til ein debatt og ei folkeavrøysting på Vestlandet, slik at me får ein sterkare region og større bestemmelsesrett over ressursane våre.

Sentrumsalliansen hadde ved førre val ein oppslutnad på

Men valforskar Aarebrot ser ikkje føre seg at det vert ei folkeavrøysting med det fyrste.

– Viss me kjem i ein situasjon der norsk politi vert brukt til å bøteleggja regjeringa sine eigne partifeller på Vestlandet, då kan det bli ein sitausjon der seriøse folk vil komma inn på slike tankar,seier Aarebrot.

– Med erfarne politikarar som ordførarar, fylkesrepresentantar og stortingsrepresentantar som bryt med sine parti og lagar regionparti. Men me får no håpe inderleg at det ikkje går så langt.