Hopp til innhold

- Boikott av Førde er svært uheldig

Stortingsrepresentant Gunvald Ludvigsen (V) meiner boikott av Førde sentralsjukehus vil vere svært uheldig.

Gunvald Ludvigsen

Stortingsrepresentant for Venstre, Gunvald Ludvigsen.

Foto: NRK

DEBATTEN RASAR. SEI DI MEINING HER.

- Eg meiner nordfjordingane, sogningane og sunnfjordingane må stå saman om dei sjukehusa vi har i Helse Førde, seier Ludvigsen.

- Gjer om vedtaket

Spliden mellom leiinga i Helse Førde og sjukehusaksjonistane spissar seg til. Sjukehusaksjonist Svein Hansen oppmoda nordfjordingane om å krevje behandling på sjukehuset i Volda, framfor Førde sentralsjukehus. Styreleiar Clara Øberg fryktar det vil øydeleggje for helsetenestene i fylket. Ludvigsen meiner boikott ikkje er rette vegen å gå.

- Medisinen for å unngå pasientflukt, er å lage gode nok tilbod i eige fylke. Det er det som har vore kjernen i strida i det siste når det gjeld ortopedivedtaket. Det blir oppfatta som utilfredsstillande. Difor må styret sjå på vedtaket på nytt og etter mitt syn gjerast om.

Ortopedivedtaket

Bakgrunnen for striden er mellom anna det omstridde ortopedivedtaket frå tidlegare i sommar . Sidan vedtaket tredde i kraft, har fleire pasientar klaga over lang ventetid før operasjon ved sentralsjukehuset. Sjukehusaksjonistane meiner det vitnar om eit uheldig vedtak og minner om at sjukehuset i Volda har kapasitet til å ta imot eventuelle pasientar frå Nordfjord.

Men ein boikott vil ikkje berre råke Førde sentralsjukehus, men heile Helse Førde, ifølgje Øberg. For helseføretaket må betale rekninga for eventuelle gjestepasientar i Volda, og det er pengar som kjem frå ein og samme pengesekk for heile helse førde.