Hopp til innhold

Akuttpasientar skal til Førde

Nesten 300 operasjonar blir flytta frå lokalsjukehusa til Førde.

Helse Førde styremøte
Foto: Cosmin Cosma / NRK

På styremøte i Helse Førde i føremiddag vedtok styret at ortopediske skader som treng operasjon og narkose skal til Førde sentralsjukehus.

For Lærdal og Nordfjord utgjer dette til saman rundt 300 pasientar i året.

Vil bli fleire pasientar

Vedtaket vart gjort mot røystene til tilsetterepresentantane Randi E. Fagereng og Kjell Nygård. Fagereng fremja eit motframlegg som det vart røysta over.

- Eg er redd for at fagspesialistar på lokalsjukehusa vil forsvinne ut av føretaket, sa ho.

- Det er ikkje berre 300 pasientar som skal flyttast. Vi kan gange talet med to og tre, for pasientar skal tilbake til kontrollar på sjukehuset, sa Fagereng.

Fagereng ynskte seg ei betre konsekvensutgreiing for å få svar på om Førde sentralsjukehus greier å rekruttere nok ortopedar.

Skal tryggje utdanninga

Pasientar som treng akutt ortopedisk behandling med narkose skal til Førde sentralsjukehus for å tryggje utdanninga av ortopedar i fylket.

- Eg trur det vil gagne vårt system at vi har kvalifiserte spesialistar. Dersom vi etablerer denne ordninga får vi spissa kompetanse både i Eid, Førde og Lærdal, sa styremedlem Knut Cotta Schønberg.

Kan berge sjukehusstrukturen

Styret vedtok å innføre det dei kallar ei arbeidsdeling mellom dei tre sjukehusa i fylket.

Lærdal sjukehus skal drive med behandling knytt til sjukdomar og skader i kneledd. Nordfjord sjukehus sitt hovudområde blir kikholskirurgi i ledd.

- Dette vil bli ein mal for å berge sjukehusstrukturen, sa styremedlem Harry Mowatt.

- Vi har berre små sjukehus, og med nye krav til resultat blir vi nøydde til å spesialisere oss, sa Mowatt.