Hopp til innhold

- Avfallet er vekke om ei veke

To og eit halvt år etter eksplosjonen, er det framleis avfallsrestar ved tidlegare Vest Tank.

Håkon Ivarson i Alexela.

Innan 18. januar skal alt avfallet ved Alexela Sløvåg vere vekke, lovar administrerande direktør Håkon Ivarson.

Foto: Steinar Lote / NRK

Men iløpet av den neste veka lovar administrerande direktør Håkon Ivarson ved Alexela Sløvåg, at avfallet skal vere vekke for alltid.

- Vi skal får opp ein båt 15. til 18. januar for å hente det resterande avfallet som ligg på tankane, stadfestar han.

- Bli kvitt alt

Det er samarbeidet med tyske Ölrecycling som skal føre siste resten av avfall vekk frå Gulen. Framleis ligg det avfall på tankane, og reingjering og reparasjon har ført til ytterlegare avfall. Avfallet skulle ha vore vekk før nyttår .

- Føremålet med denne operasjonen og dette prosjektet er å bli kvitt absolutt alt som er att av det gamle Vest Tank, men også avfallet vi har produsert ved å reingjere, sandblåse og reparere dei nye tankane, seier Ivarson.

- Har teke lang tid

I Oslo sit Statens Forurensningstilsyn (SFT) med ein søknad frå Alexela Sløvåg om ny drift ved anlegget . Den avgjerda fell først etter at alt avfall er fjerna. Verksemda har fått fleire utsette fristar med å fjerne avfallet.

- Vi tykkjer det har teke veldig lang tid å få tømt anlegget, og rydda det heilt opp, seier seksjonssjef Bjørn Bjørnstad og legg til at SFT er godt nøgde med at alt avfallet no blir forsvarleg fjerna.