- Eg sat med kaffikoppen då eg høyrde Anne Slåtten gå i ytterdøra. Ho skulle på jobb, og det skulle eg og. Eg tenkte at eg burde ha køyrt ho, men egoistisk som eg var, drakk eg heller opp kaffien min, forklarte Stian Henriksen.
Høyrde Anne Slåtten dusja
Han heldt også fast ved forklaringa om at han høyrde Slåtten dusje før ho drog på jobb. Men det er også klart at han ikkje såg henne gå frå hybelen. - Men vi var ikkje mange i bufellesskapet denne helga. Kameraten min som eg såg på tv saman med dagen før skulle ikkje tidleg opp, så det er ikkje truleg at det var han, sa Henriksen.
Mindre aggressiv forsvarar
Blikra var mykje mindre aggressiv i utspørjinga av Henriksen no enn i tingretten. Dette var noko han fekk kritikk for sist, og ein strategi han tydeligvis har forlete.
Kjærasten snakka to gonger med Anne
Kjartan Hjorteland, kjærasten til Anne Slåtten, fortalde om ein venskap som utvikla seg til kjærleik. - Det var sårt at vi budde så langt frå kvarandre. Eg budde i Stavanger, og ho i Førde, men vi takla det eigentleg bra, fortalde han.
Han snakka med ho to gonger frå laurdag kveld til søndag morgon.
Ho var på veg heim frå jobb då han ringde første gongen. Då sa ho at ho skulle jobbe den helga. Ho var i godt humør.
- Ho skulle snart kome og besøke meg i Stavanger, fortalde kjærasten.
Ringde ofte om natta
Han var på veg heim frå ein kveld ute på byen då han ringde henne om lag klokka halv fire søndag morgon.
- Er det ikkje seint å ringe?
- Nei, vi gjorde det ofte slik, forklarte han. Alt var berre fryd og gaman, hadde kjærasten inntrykk av. - Det var den siste samtalen eg nokon gong hadde med henne, sa han.
Oppfatta fort alvoret
I byrjinga, då han fekk vite at ho ikkje hadde vore på jobb, håpa han at ho hadde teke feil av vaktene, og heller jobba med ei semesteroppgåve. Men fordi ho alltid var pliktoppfyllande forstod han raskt alvoret i saka, og han reiste difor til Førde.
- Kva tanker gjer du deg når du får ei slik melding?
- Det var mange ulike kjenser. Tung sorg, tanken på kva som kunne ha skjedd.