Hopp til innhold

- Akkurat som med Kristiane

Nora Nesbø mista barnebarnet etter rustragedie i Odda i fjor. No gjenopplever ho tragedien.

Krimteknikere ankommer etter dødsfall i Bergen

Det var førre laurdag den 15 år gamle jenta vart funnen død etter ein overdose. Ho hadde då rømt frå barnevernsinstitusjonen ho budde på. - Som ei reprise, seier bestemor til Kristiane Jacobsen, som vart funnen død i Odda i februar 2009.

Foto: Kjell Jøran Hansen / NRK

Nora Nesbø frå Odda opplevde marerittet då ho for halvtanna år sidan mista barnebarnet sitt.

Kristiane døydde etter å ha sniffa lightergass etter å ha rømt frå ein barnevernsinstitusjon. Ho vart berre 17 år.

På laurdag døydde en 15 år gammel jente i liknande omstende.

No gjenopplever Nesbø tragedien.

– Dette skjedde med Kristiane også

– Det var akkurat som ei reprise. Den jenta hadde stukke av og vore vekke så og så lenge, og så ut igjen når ho så endeleg kom på plass. Dette skjedde med Kristiane og, gong på gong på gong, fortel bestemora.

Nesbø meinar det ikkje har vorte gjort nok for ungdom med rusproblem.

– Når det kan skje igjen, så mangler det vel ein god del ting. Det er ikkje berre ein ting som manglar då.

Les også: Lærer å ruse seg på institusjon

- Altfor dårleg tilbod

Rus er eit alvorleg problem innan barnevernet.

Leiar for fagrådet innan rusfeltet i Noreg, Terje Turøy, meinar tilbodet til barnevernsbarn med rusproblem ikkje er godt nok.

– Det er eit alt for dårleg tilbod, seier Turøy.

Han meinar det er for lite kompetanse på å handtera rusproblem i barnevernet.

– Det er eit tilbakevendande problem at ein ikkje har institusjonar med spesifikk kunnskap om rus, seier han.

Turøy viser til ein intern rapport frå det statlege barnevernet om manglande kompetanse.

– Det viste seg at d et i denne interne rapporten kunne dokumentera store manglar når det kom til kompetanse, og behandlingsmetodikk.

I etterkant av tragedien i Odda, fekk kommunen statleg rushjelp.

Les vidare: Barnevernet tar selvkritikk etter tragisk dødsfall i Odda