Hopp til innhold

Lærer å ruse seg på institusjon

Barn lærer å bruka rusmiddel på barnevernsinstitusjonar, meiner landsforeningen for barnevernsbarn. Krev meir kontroll.

barn
Foto: NRK

- Har dei ikkje prøvd det, så vert dei på ein måte lært opp av andre ungdomar til å prøve ting. Eg trur det er ein flukt frå røynda for mange, seier leiar i landsforeningen for barnevernsbarn, Renathe Arevoll.

Les òg: 15-åring funnet død i Bergen

Les òg: Jente (17) døde av lightergass

Har høyrt historia før

I helga skjedde det igjen, og Renathe Arevoll har diverre høyrt liknande historier før. Unge kjem inn i ein barnevernsinstitusjon, og vert dregne inn i eit rusmiljø. I helga døydde ei femten år gamal jente i Bergen etter å ha rømt frå ein barnevernsinstitusjon.

- Eg tykkjer det er veldig trist. Eg tenkjer på jenta og familien, og eg tykkjer at det er forferdeleg at slike ting skal skje i statleg regi. Men slik er det med det reglementet me har i dag seier Arevoll.

15-åringen frå Bergen døydde av det som mest sannsynleg var ein overdose.

- Me veit jo at slike ting skjer. Men me har eit reglement som gjer at det er vanskeleg å halde folk med tvang, og da er det eigentleg ikkje så mykje barnevernstenesta får gjort. Det skulle kanskje vore annleis.

Ulik bruk av tvang

Det er den såkalla rettigheitsforskrifta som regulerer bruk av tvang i barnevernet. Denne vil regjeringa no klargjere.

- Det finst moglegheiter i dag, men me trur nok at dette må tydeleggjerast og klargjerast. Me ynskjer at det skal vere enkelt og oversiktleg for den enkelte å finne ut korleis ein på best mogleg måte kan hjelpe eit barn i denne situasjonen, seier statssekretær i Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet, Henriette Westhrin.

Regjeringa varslar no at denne forskrifta skal sendast ut på nytt.

- Me veit at den no vert praktisert ulikt i ulike delar av landet, og at den vert tolka på ulike måtar, seier Westhrin.

Samstundes vil regjeringa kurse tilsette i institusjonar i rusførebygging og styrkje det kommunale barnevernet.

- Det aller viktigaste barnevernet kan gjere er å førebyggje at barn får rusproblem, seier, Renathe Arevoll i landsforeningen for barnevernsbarn.