Hopp til innhold

- 70 er for mange

Men ordføraren er framleis open for asylmottak i kommunen.

(Illustrasjonsfoto)
Foto: Martin Kierstein

- Dei var truverdige. Både om dei positive sidene og utfordringane, seier ordførar i Gulen, Trude Brosvik etter at utsendingar frå Utlendingsdirektoratet (UDI) kom til Gulen torsdag.

Gulen er ein av tre kommunar i Sogn og Fjordane som har vorte utfordra til å bidra når fylket skal skaffe plassar til 200 asylsøkjarar, og har så langt vore den mest positive kommunen av dei tre.

Les og: Store utfordringar for små kommunar

Eivindvik Hotell

- Det er klart det er utfordringar. Du veit jo ikkje kva slags folk som kjem, men jamt over er det flotte folk som treng hjelp og som ikkje fører med seg dei store problema. Det som er trist er at det er dei som skaper problem vi høyrer om, seier Brosvik.

Etter ein dag med møter om eit eventuelt mottak på Eivindvik Hotell har Brosvik vorte endå tydelegare på kva ho vil, og på kva ho ikkje vil.

- Eg er framleis open dersom vi kan klare det på ein tilpassa måte. At det kjem 70 asylsøkjarar til vesle Eivindvik trur ikkje eg er positivt korkje for bygda eller dei som kjem, så vi er spente på om dette blir aktuelt eller ikkje, seier ho - og minnar om at sjølv om UDI har vist interesse for Eivindvik har heller ikkje dei bestemt at dei vil plassere asylsøkjarar i Gulen.

Pressa situasjon

- Dei er i ein pressa situasjon for å skaffe bustader. Dei har vore og sett på hotellet i dag og gjort seg litt kjende med bygda. Det er viktig for dei å ikkje avvise stader, men vurdere om det er mogleg å få til noko.

Ho seier ho har fått mange tilbakemeldingar frå innbyggjarane etter at det vart kjent at det kan bli oppretta eit asylmottak i kommunen.

- Stort sett opplever eg at dei fleste seier vi kan ta imot nokre, men ikkje så mange. Vi vil ikkje melde oss ut av samfunnet, men vi kan ikkje ta i mot fleire enn vi kan takle, seier Brosvik.