Hopp til innhold

Store utfordringar for små kommunar

- Små kommunar har større utfordringar med å gje asylsøkjarne eit godt nok tilbod.

Olav Lunden
Foto: Leikanger kommune

Det seier Olav Lunden som er KS-leiar i Sogn og Fjordane.

Mange tenester

UDI har bede fylket om å ta imot 200 asylsøkjarar no til hausten. Førebels er det Gulen, Bremanger og Aurland som har vore nemnt som moglege mottaksplassar.

- I dei små kommunane har me ekstra utfordringar til å få på plass apparat rundt asylmottaka, seier Lunden.

Han fortel at mottaka treng tolketeneste, vanleg helseteneste, og tilrettelegging for morsmålsopplæring og grunnskuleopplæring.

- Smådriftsfordelar

Ordførar i Gulen kommune, Trude Brosvik, ser utfordringane, men er likevel positiv til eit eventuelt asylmottak.

- Me skal iallfall prøve å få det til dersom me har høve til det, seier ho.

Ho meiner ein òg kan snu utfordringane på hovudetet og seie at det kanskje er smådriftsfordelar ved å ha asylmottaka i kommunane.

- Det kan vera like bra i eit lite samfunn som i ein by der mange vert konsentert på ein plass, seier ho.

21. august skal Gulen kommune i møte med UDI om eit eventuelt asylmottak.