Hopp til innhold

Ytre Stadlandet nesten isolert

Ekstremvêr med vind og temperaturar som tilsvarar minus 25 grader og mengder med snø isolerer bebuarane i Hoddevika.

Hoddevika

Det er svært vanskleg å køyre på utre stadtlandet i dag. Sterk vind og snøfokk fører til at fleire er isolerte. Foto; Jan Ove Hoddevik.

Foto: Jan Ove Hoddevik

Folk ytst i Nordfjord må bu seg på ein ekstremt kald dag i dag, og fleire må halde seg heime frå arbeid.

- Eg har enno ikkje vore ute, men det skal eg snart, seier Jan Ove Hoddevik som bur i Hoddevika.

Store mengder snø

Han fortel om sterk vind og store mengder snø i bygda.

- Det har kome svært mykje snø i det siste. Det er betre det enn berre is, men ein skal passe seg når ein tek turen utomhus, seier Hoddevik.

For meterologen fortel at vinden fører til isande kulde på Stadt.

Iskald vind

- Sterk vind fører til at temperaturen kjennest som minus 25 grader,fortel vakthavande meteorolog Sigrid Boyesen Fatnes.

Hoddevik seier dei vart innestengde ganske kjapt då snøe kom.

- Det er svært lenge sidan eg har opplevd noko liknande. Faktisk mange år sidan, seier han.
For fleire år sidan vart han innestengd i bygda i fem veker på grunn av ekstremvêr.

- Det var lenge ja, så nokre dagar no vil ikkje vere så gale, seier han

Innestengde

Men ein del som arbeider som skulle har vore på arbeid i dag må nok halde seg heime til vinden gjev seg.

- Dei må nok belage seg på å vente heime ja, seier Hoddevik.

- Kva konsekvensar kan dette få?

- Må ein ikkje over fjellet er det jo ikkje noko problem, men det er klart at for dei som må vert dette vanskeleg, seier han.