Hopp til innhold

Vil bygge datasenter her

Vinje kommune vil bygge to datasenter i naturskjønne område. Naturvernforbundet er kritisk.

Innsjøen Totak i Vinje sett fra Haddeland.

NATURSKJØNNE OMRÅDE: Vinje kommune ser på tomt til eit datasenter i andre enden av Totak, i Arabygdi. Bildet viser Totak ved Haddeland.

Foto: Hans Inge Hagen / Lavine AS

Mange norske kommunar jobbar med planar om å trekke til seg datasenterindustri.

I fjell- og hyttekommunen Vinje i Telemark vil dei bygge ikkje berre eitt, men to datasenter.

Men kor mange datasenter er det eigentleg behov for?

Og kor langt ute i distrikta er dataindustrien villig til å etablere seg?

Vil utnytte eiga kraft

I Vinje har dei sidan 2018 sett på om det er mogleg å få eit datasenter til kommunen. Nå blir det altså planlagt for to datasenter. Eitt ved Vinjevatn og eitt ved Totak.

Jan Myrekrok

Rådmann i Vinje, Jan Myrekrok, seier at kommunen ønsker å utnytte eiga kraft til datasenter.

Foto: Privat

Rådmann Jan Myrekrok i Vinje seier at kommunen ønsker å utnytte krafta der ho blir laga.

Gjennom Vinje kraftverk blir det kvart år produsert over tusen GWh.

Vinje har meir konsesjonskraft enn dei så langt har klart å bruke. Avtalen er at overskotet skal gå til fylkeskommunen.

Ved å la straumen gå til eit datasenter i staden, vil kommunen få meir pengar ut av krafta.

Tomta ved Vinjevatn ligg like inntil Vinje kraftverk og er på 24 mål. Av den er 14,5 mål byggeklare.

Myrekrok forklarer at tanken er å kople datasenteret rett på kraftverket. På den måten blir det ikkje noko krafttap i nettet.

Tomta til det første datasenteret i Vinje kommune ligger ved Vinjevatn.

Tomta til det første datasenteret ved Vinjevatn er byggeklar.

Foto: Ove Inge Årlid

– Det vanlege er at 10–12 prosent av krafta forsvinn under transport, så dette er eit grønt og godt alternativ.

– Vi er i dialog med fleire selskap og håpar å få til ein intensjonsavtale med eitt av dei i løpet av 2024, seier Myrekrok.

Myrekrok vil ikkje gå inn på kva selskap dei er i kontakt med. Ei klar politisk føring i Vinje er likevel at det ikkje skal vere utvinning av kryptovaluta.

– Vi ser etter ei etablering som har eit samfunnsnyttig formål, seier han.

Den andre tomta som kommunen vurderer for datasenter ligg ved Arabygdi i vestenden av innsjøen Totak.

Vinje kommune ser på muligheten for ei tomt til et datasenter her i Arabygdi, ved vestenden av Totak.

Her, ved vestenden av Totak ser Vinje kommune på om det er mogleg for ei tomt til eit datasenter.

Foto: Hans Inge Hagen / Lavine AS

– Vi har tatt kontakt med konsulentfirmaet Teknaconsult AS for å få hjelp til å vurdere om området er eigna til eit datasenter. Dette prosjektet er heilt i startfasen, seier Myrekrok.

– Vil ikkje merkast

Kraftkrevjande industri er bekymra fordi det ikkje er nok straum i Noreg.

– Til datasenteret ved Vinjevatn har vi søkt om 40 megawatt. Det er såpass lite at det ikkje vil merkast i den store samanhengen. Eg trur ikkje vi blir tunga på vektskåla som gir utfordringar i Grenland, seier Myrekrok.

Tomtene som datasentera skal ligge på, er steinfyllingar etter kraftutbygginga i Vinje. Det gjer planane om datasenter litt meir etande for Naturvernforbundet.

Leiar i Naturvernforbundet i Vest-Telemark, Torfinn Sanden, er likevel skeptisk.

Torfinn Sanden

Leiar i Naturvernforbundet i Vest-Telemark, Torfinn Sanden, er skeptisk til planane om datasenter i Vinje.

Foto: Privat

– Sjølv om tomta allereie er ein menneskeskapt steinmasse, så skal det byggast vegar og annan infrastruktur. Så heilt greitt er det ikkje, seier Sanden.

Han viser til tidlegare planar i Vinje i samband med datasenter på Vesåstippen. Her peika Statsforvaltaren på at delar av tomta det var snakk om, var ei truga naturtype. Dette var også ein steintipp.

– Det er også viktig å sette spørsmålsteikn ved samfunnsnytta av eit datasenter. Alle roper etter meir kraft og da må ein vere klar over korleis krafta blir brukt, seier Sanden.

– Vi kan ikkje berre bruke meir av alt, heller ikkje data. Naturen toler det ikkje, understrekar han.

Sanden er også tydeleg på at prosessen må vere open. At folk får vite kva selskap og kva slags data som skal lagrast før kommunen tilbyr tomt til datasenterindustri.

– Bynære strøk er ikkje lenger like viktig

Ifølge Norsk Datasenterindustri ventar bransjen ein årleg vekst på rundt 10 prosent på verdsbasis fram mot 2030.

Noreg har fornybar energi, kaldt klima og politisk stabilitet, og er derfor eit attraktivt land å etablere datasenter i.

Bjørn Rønning er daglig leder i bransjeforeningen Norsk Datasenterindustri som ligger under IKT Norge

Bjørn Rønning er dagleg leiar i Norsk Datasenterindustri.

Foto: IKT Norge

Dagleg leiar i Norsk Datasenterindustri, Bjørn Rønning, seier at behovet for fleire datasenter aukar.

Han viser til at kvar og ein av oss i snitt er innom 40 datasenter dagleg.

Dei største datasentera i Noreg er organiserte i Norsk Datasenterindustri. Ved utgangen av 2023 stod dei for 18 av datasentera i landet.

I tillegg har offentleg sektor ei rekke mindre datasenter.

– Kor langt ute i distrikta er dataindustrien villig til å etablere seg?

– Bynære strøk er ikkje lenger like viktig for lokasjon av datasenter. Det er tilgangen på sikker, fornybar kraft som er avgjerande. Vinje vil derfor vere ein godt eigna stad, seier Rønning.