SE OGSÅ: |
ALT OM: |
Fylkesrådmann Per Espeli.
Fylkesrådmann Per Espeli vil gå til politikarane for å få ei avklaring på kva som skal gjerast i forholdet til Sjukehuset Telemark og Helse Sør.
Fylkeskommunen har bede om 15 millionar kroner i erstatning frå sjukehuset etter overskridingane ved det gamle Telemark sentralsjukehus.
Men Helse Sør seier at dei ikkje vil betale tilbake ei einaste krone.
Espeli seier at han ikkje blei overraska over konklusjonen.
Politikarane skal avgjere
- Når vi får dokumenta frå Helse Sør vil vi legge dei fram for politisk handsaming på vanleg måte, seier Espeli.
- Betyr dette at fylkeskommunen ikkje har gjeve opp å få tilbake pengane?
- Det er det politikarane som skal vurdere. Etterspelet etter den store helsereformen pågår framleis. Eg meiner dette spelet mellom to forvaltningsnivå er beklagleg og uverdig, seier han.
Espeli seier det ikkje er tvil om at fylkeskommunen har kome dårleg ut etter helsereformen. Han meiner statlege styresmakter ikkje har stilt opp i forhold til dei løftene som blei gjeve i forkant om at kommunane ikkje skulle tape på at staten tok over ansvaret for sjukehusa.