Hopp til innhold

Verdspressa på plass på Rjukan

Verdspressa på plass på Rjukan, ventar på solunderet

Presseoppmøte på Rjukan

Fleire internasjonale medium er på Rjukan i forbindelse med opninga av solspeilet.

Foto: Anne Lognvik / NRK

Meir enn ein milliard menneske kan få sjå og høyre om solspegelopninga på Rjukan i dag. Allister Doyle frå pressebyrået Reuters seier at dette er noko spektakulært som interesserer heile verda. Sjølv er han britisk korrespondent for Reuters, og spent på solopninga. Over ein milliard menneske over heile verda kan lesa og sjå det me skriv, seier han.

Al Jazeera på plass på Rjukan

Samir Shatara, journalist frå Al Jazeera Channel, er på Rjukan for fyrste gong. Kanalen hans sender til 150 millionar menneskje i heile verda. Han synest det er ein super ide å hente ned sola.

Foto: Anne Lognvik / NRK

Følg åpning her: Nå skinner sola på Rjukan

Men Doyle er ikkje aleine. Fleire store TV selskap er på Rjukan i dag. Brasil, Kina, CBS News frå USA, RTL frå Tyskland og Al Jazeera er på plass. Finsk tv har avtale med å få solreportasje frå TV2. Tyske RTL sender til 80 millionar menneske, brasiliansk tv-stasjon til 60 millionar, og kor mange i Kina og USA som kan sjå openberringa på Rjukan i dag, er det ingen som veit.

Reuters er på plass på Rjukan

Alister Doyle frå Reuters er ein av dei mange utanlandske journalistane på Rjukan akkurat i dag.

Foto: Anne Lognvik / NRK


Presseansvarleg Kjell Gunnar Dahle og ordførar Steinar Bergsland i Tinn er litt svimeslegne av all interessa. Rådmann Rune Lødøen går rundt i pressesenteret og rister på hovudet og smiler mildt. Han har aldri sett maken. Og ut frå det me veit, har Telemark aldri sett lignande til interesse for ei enkelt hending.

Ein vill ide for hundre år sidan, blei til eit sprøtt prosjekt i 2007 då kunstnaren Martin Andersen fekk det for seg at det måtte vera mogleg å realisere ideen som Hydrogrunnleggjar Sam Eyde ikkje klara å få sett ut i livet.

Den sprøe ideen som dei fleste riste på hovudet av, skal altså avdekkjast i dag. Og kritikken har forstumma. Dette er moro, smila og latteren sit laust på Rjukan i dag.

Framleis er det overskya på Rjukan, men det er nok berre ein del av dramaturgien. Solstolane og solbrillene er på plass på Torvet, snart kjem SOLA. Tinn, Rjukan, Noreg og Verda er klare!