Hopp til innhold

Haugenes irritert: Urædd-Fortuna utsett

Førstedivisjonskampen mellom Urædd og Fortuna er utsett. – Kjedeleg, seier Margunn Haugenes.

Margunn Haugenes

Margunn Haugenes reknar med at den utsette kampen blir spelt enten onsdag, eller etter fotballferien.

Foto: NRK

Tekniske problem med eit fly er årsak til at Fortuna ikkje kan reise frå Ålesund. Urædd fekk melding om at kampen er utsett i føremiddag.

– Kjedeleg, men ikkje så mykje å gjere med det, seier trenar i Urædd, Margunn Haugenes.

I staden for kamp på Kjølnes har urædd-jentene i dag gjennomført ei treningsøkt.

– Men jentene var klare for kamp, og hissige på revansje etter tapet for Grand Bodø førre helg. Det var ekstra kjedeleg å miste kampen etter det fyrste serietapet for sesongen, seier Margunn Hauganes.

Kan bli kamp onsdag

Hauganes reknar med at Noregs Fotballforbund finn ny kampdag i morgon. Det kan bli alt på onsdag. I motsett fall må Fortuna vente til etter fotballferien.

Urædd er nummer to i førstedivisjon, men Fortuna ligg som nummer seks. Dersom Urædd held andreplassen skal laget spele kvalifisering om retten til å spele i den øvste divisjonen neste sesong.

Neste helg avsluttar Urædd vårsesongen borte mot Kongsvinger på Gjemselund.

Kjølnes stadion

Det var folketomt på Kjølnes i ettermiddag, etter at kampen mellom Urædd og Fortuna blei utsett.

Foto: Stian Wåsjå Simonsen / NRK