Hopp til innhold

Her kan du skaffe deg gratis bustadtomt

TOKKE (NRK): Mens Skien kommune ikkje kan tilby ei einaste kommunal bustadtomt, kan folk som ynskjer å bygge i Tokke velje mellom 67 tomter. 57 av tomtene er gratis.

Geir Roger Stange

Geir Roger Stange tilbyr gratis bustadtomter, mellom anna på Vistadmoen nær kommunesenteret Dalen.

Foto: Johs Apold / NRK

Det er Tokke kommunestyre som har vedtatt at alle tomter som er ti år eller eldre, skal prisast til null.

– Poenget med vedtaket er å skape interesse, seier teknisk sjef i kraftkommunen, Geir Roger Stange.

Ingen byggeboom

Dei aktuelle tomtene ligg spreidde rundt i heile kommunen. Folk kan velje mellom tomter i tre regulerte bustadfelt på Dalen, men og mellom tomter i Byrte, Høydalsmo, Lårdal og Åmdals Verk.

Men tilbodet har så langt ikkje skapt nokon byggeboom. Det er snart eitt år sidan sist det kom spørsmål om saka, seier Geir Roger Stange.

Tyder det at det er null interesse for å busetje seg i Tokke?

– Tokke bør vere ein attraktiv kommune. Infrastrukturen er god, og vi brukar mykje ressursar for å gje barn og unge gode oppvekstvilkår. Men det kan jo vere eit spørsmål om arbeid. Men også der er det ei positiv utvikling i fleire nøkkelbedrifter i kommunesenteret, meiner Stange.

Skjerpar marknadsføringa

Stange trur at den manglande interessa det siste året kan forklarast med at kommunen har gjort ein for dårleg jobb på marknadssida.

– I dag må folk leite seg langt inn på heimesidene for å finne fram til tomtene. Heimesidene skal leggast om, og då reknar eg med gratistomtene får den plassen dei fortener, seier Geir Roger Stange.

Bustadfelt Høydalsmo

I Høydalsmo kan du få gratis bustadtomt og naboskap til ein olympisk gullvinnar på kjøpet

Foto: Johs Apold / NRK

Flere nyheter fra NRK Vestfold og Telemark