Hopp til innhold

Fullt av feil i brev frå fylkeskommunen

I eit brev var det over 30 feil på ei A4-side. Fleire tilsette strevar med nynorsken etter fylkessamanslåinga.

Nynorsk brev fra Vestfold og Telemark fylkeskommune

MYKJE RØDT: Brevet frå Vestfold og Telemark fylkeskommune til Kari Olstad har ei rekkje feil. Stikkprøver i den offentlege postlista viser at det er fleire brev kvar veke med feil.

Foto: Britt Boyesen / NRK

– Eg blir overraska og skuffa, seier Kari Olstad.

Ho er landbruks- og næringsrådgjevar i Åmli kommune. Nok ein gong har ho fått eit brev frå Vestfold og Telemark fylkeskommune med mange skrivefeil.

Det er cirka 30 feil i brevet som dekker mindre enn ei A4-side.

Olstad har fått svar på eit brev ho sjølv har skrive på nynorsk. Difor svarar fylkeskommunen på nynorsk, men det var heilt tydeleg ikkje lett.

– Har sett verre

Dette er ikkje eit unnatak.

NRK har gjort stikkprøver i den offentlege postlista til fylkeskommunen. Dei viser at det er fleire brev kvar veke der det er tydeleg at nynorsk er vanskeleg i det daglege arbeidet.

Kari Olstad

SKUFFA: Kari Olstad er forundra over at tilsette i ein fylkeskommune ikkje kan skrive betre nynorsk.

Foto: Privat

– Eg har fått brev med mange fleire feil. Ikkje berre frå denne fylkeskommunen, men også frå andre offentlege etatar, fortel Olstad.

Nye Vestfold og Telemark fylkeskommune skal vere språkleg nøytral. Fylkestinget vedtok også at den nye fylkeskommunen skal bruke 25 prosent nynorsk.

Dei tidlegare tilsette i Telemark fylkeskommune skreiv nynorsk i mange år. For dei fleste tilsette i Vestfold fylkeskommune var dette ukjent då samanslåinga skjedde.

Det er lett å vedta ei målform. I praksis er det ei heilt ny utfordring.

Stor pågang på kurs

Etter fylkessamanslåingane har Språkrådet merka auka etterspurnad etter kurs i nynorsk.

Direktør Åse Wetås i Språkrådet

AUKA ETTERSPURNAD: Etter fylkessamanslåingane har Språkrådet merka auka etterspurnad etter kurs i nynorsk, seier språksjef Åse Wetås.

Foto: Moment Studio

Språksjef Åse Wetås seier det er viktig at fylkeskommunar, kommunar og staten har ein plan for korleis dei skal lære opp medarbeidarane sine.

Målet bør vere at dei som jobbar i det offentlege skal kjenne seg både trygge og kvalifiserte, meiner Wetås.

– Det offentlege har plikt til å skrive klart og korrekt, seier språksjefen.

Ho legg til at dette er ei treningssak, og at dei som slit med å bruke ei anna målform bør finne seg ein «språkven» på jobben.

På den måten kan kollegaene hjelpe kvarandre for å kvalitetssikre det dei skriv.

Dei har ein plan

Kommunikasjonsleiar Tom Holen seier dei heiar på alle som skriv nynorsk.

Tom Holen

INNKØYRINGSFASE: Kommunikasjonsleiar Tom Holen seier målet er færre feil i framtida.

Foto: Britt Boyesen / NRK

Leiinga i den nye fylkeskommunen jobbar med ein språkplan. Den skal politikarane få i juni.

– Vi skal ha kurs og anna opplæring.

Holen fortel at dei har vore i kontakt med Språkrådet og Telemark mållag for å få gode råd.

Det er leiaren i Telemark mållag, Sigbjørn Hjelmbrekke, glad for.

Han er ikkje imponert når han ser nynorsken i dei offentlege breva.

– Dette er ikkje godt nok. Sjølv i ein innkøyringsfase, må det vere eit høgare nivå, meiner Hjelmbrekke.

Godt humør og god vilje

Han trur ar kurs og korrekturlesing er nødvendig.

– Språket sit også i fingrane. Bruk tid ved tastaturet. Ta utfordringar med godt humør og god vilje.

Holen i fylkeskommunen er samd. Han har trua på at dei tilsette skal sende fleire brev med færre feil i framtida.

– Vi skal jobbe aktivt med å skrive eit godt språk, også på nynorsk.