Statssekretær rosar Sagaplant.

Det må lagast ein internasjonal avtale dersom Sagaplant i Sauherad skal få ei avdeling av frølageret på Svalbard. Det seier statssekretær Hanne Maren Blåfjelldal i Landbruks- og matdepartementet.
Sagaplant ynskjer å lagre materiale frå planter som ikkje kjem frå frø – som poteter og jordbær – slik at plantematerialet ikkje går tapt for framtida.