Hopp til innhold

Språkrådet vil ha norske namn på Black Friday og Black Week

Språkrådet ber butikkar og dei store kjedene å finne norske namn på Black Friday og Black Week. – For seint, meiner kjøpesenterleiar.

Senterleder Geir Ellefsen står ved en Black Week-plakat på Hvaltorvet i Sandefjord.

Senterleiar Geir Ellefsen på Hvaltorvet i Sandefjord seier dei ikkje har vurdert norske namn på Black Week og Black Friday.

Foto: Hege Therese Holtung / NRK

Du kan nesten ikkje unngå å få med deg at vi er inne i tilbodsveka Black Week.

Butikkar har plakatar og vimplar som lokkar med tilbod. I annonsar på sosiale medium lokkar butikkar også med sal – på engelsk.

Etterlyser norske namn

Språkrådet meiner dei engelske namna på handelsdagane bør skiftast ut med norske ord.

– Eg synest det er viktig fordi dei no har blitt etablerte i Noreg. Black Friday og Black Week har blitt ein årleg tradisjon i november. Det er på tide at dei får eit norsk namn, seier seksjonssjef Daniel Gusfre Ims i Språkrådet.

Daniel Gusfre Ims, seksjonssjef i Språkrådet.

Seksjonssjef Daniel Gusfre Ims i Språkrådet.

Foto: Moment Studio

– Kva konsekvensar har det at vi seier Black Friday og Black Week og ikkje bruker norske nemningar?

– Enkelte engelske ord er ikkje avgjerande. Men når det stadig kjem ord som blir brukt i staden for norsk, vil statusen og kjennskapen til å utvikle norske namn og omgrep bli svekka, seier Ims

Folk har også kontakta Språkrådet og etterspurt norsk namn på den amerikanske tilbodsdagen Black Friday, fortel han.

Kva synest du Black Friday bør heite på norsk?

Har du andre forslag? Kommenter gjerne nedst i artikkelen.

Meiner kjedene bør finne namn

På Hvaltorvet kjøpesenter i Sandefjord har ikkje senterleiar Geir Ellefsen trua på forslaget om å endre namn.

– Det er vanskeleg å endre på Black Week og Black Friday no. Orda er for innarbeidde og har blitt brukt i så lang tid, seier Ellefsen.

Språkrådet meiner på si side at handelsstanden og særleg dei store kjedene bør ta initiativ til å finne norske namn på handelsdagane. Dette fordi store kjeder lettare vil slå igjennom med nye namn.

– Ved å bruke norske namn viser dei at dei tek ansvar for å bevare norsk språk og at norsk kommuniserer best med kundane. Stadig bruk av engelsk vil svekkje statusen til det norske språket, seier seksjonssjef Ims.

Han fortel at dei lenge har ønskt norske namn, men ikkje retta ein konkret førespurnad til handelsstanden.

Nokon bruker «svart fredag»

Språkrådet ikkje har noka oppfatning om kva handelsdagane skal heite på norsk. Men Ims synest både Black Week og Black Friday kan omsetjast direkte.

Han har sett «svart fredag» i bruk, men ikkje sett mykje til «svart veke».

– Eller det kan finnast andre ord som passar i den norske samanhengen.

Han har høyrt om «gale-fredag» i Canada. Omgrepet viser til at folk handlar vilt denne dagen.

Han seier Språkrådet kan bidra til å finne nye namn. Han inviterer også forbrukarar til å komme med forslag.

Les også Varelagrene er fulle: Venter flere tilbud og høyere rabatter under Black Week

Alexander Daviknes Bårdsen, salgssjef hos Anton Sport Storo

Har ikkje tenkt på å innføre norske namn

Verken elektrokjeda Power eller sportskjeda XXL har vurdert å fjerne Black Friday eller Black Week.

Dei meiner at nordmenn veit godt kva dagane inneber.

– Black Friday er ein amerikansk tradisjon som er adoptert til Noreg på lik linje med halloween. Vi ser at namnet på handelsfenomenet er innarbeidd hos kundane i alle dei nordiske landa vi er til stades i, seier nordisk PR- og kommunikasjonssjef Monica Iren Fasting i Power.

Vil ta ein prat med Språkrådet

Fasting har ikkje sett gode norske alternativ til Black Friday og Black Week, men tek gjerne tek ein prat med Språkrådet om norske namn.

Kommunikasjonsdirektør Andreas Nyheim i XXL seier dei ikkje har diskutert om dei vil finne norske namn. Han seier dei er klar over å bruke norske ord og uttrykk, men kan bli betre.

På Hvaltorvet i Sandefjord vil ikkje Geir Ellefsen ta initiativ til å byte ut Black Friday eller Black Week no.

– Så får vi ta vare på det norske språket så godt vi kan i dei fleste andre samanhengar, seier Ellefsen.

Les også Én av tre planlegger å dra kortet under Black Week

Daniella Mossberg, senterleder på Storbyen kjøpesenter

Cyber Monday på måndag

Men når Black Week er over, står ny engelsk handledag for tur.

Cyber Monday markerer julehandelen i nettbutikkar.

– Dagen må gjerne få eit norsk namn som peikar på netthandel, seier Ims.