Hopp til innhold

Skuffa rånarar på Notodden

Kommunestyret ville ikkje opne Storgata for rånarane torsdag kveld.

Skuffa rånarar på Notodden
Foto: Picasa 2.7 / NRK

Frp tok opp spørsmålet om å opne Storgata på Notodden under kommunestyremøtet torsdag kveld.

Om lag 25 rånarar følgde debatten i kommunestyret. Men det blei ikkje fleirtal for å opne Storgata før prøveperioden er over i oktober.

Ap fristilt

Forslaget om å opne Storgata for trafikk før prøveperioden er over fekk ikkje det nødvendige fleirtalet bak seg i kommunestyret.

Frp, Krf og delar av Arbeiderpartiet stemte for å avslutte forsøket med gågate i Storgata.

Det var på førehand knytta spenning til kva Ap ville røyste i saka, og partiet hadde på førehand fristilt gruppa si i denne saka som har blitt vanskeleg for partiet.

Ordførar Bjarne Bakken var blant dei i Ap som stemte mot å opne Storgata for trafikk igjen.

 

Rånarar følgjer kommunestyremøte på Notodden

Om lag 25 rånarar følgde debatten i kommunestyremøtet

Foto: Picasa 2.7 / NRK

Vil aksjonere

Rånarane var tydeleg skuffa etter møtet i kommunestyret og lova aksjonar i form av kolonnekjøring i byen.

Like etter at møtet i kommunestyret var slutt kom også politiet bort til rånarane for å be dei skru av mobiltelefonane og dra heim kvar til sitt.

Rånarane vil samlast torsdag kveld for å avgjere kva form dei vil aksjonere.