Hopp til innhold

Klassevenninner skreiv dagbok i 60 år

Dei gjekk saman på hustellærarskule på Stabekk, og skreiv dagbøker til kvarandre i 60 år. 96 år gamle Jeia Børte er ei av dei som lever att.

Jeia Børte med Kjøttgryta

Samlinga av dagbøker låg oppi denne boksen og fekk namnet Kjøttgryta.

Foto: Skjalg Bøhmer Vold / Khrono

– Eg er skamfull over at eg takka nei då eg fekk tilbod om ei fast stilling i Bø, seier Jeia Børte. Det hadde ho gløymt inntil ho nyleg fekk lesa litt i bøkene som ho og klassevenninnene skreiv etter at dei avslutta sine to år på Stabekk.

Det var nettavisa Khrono som først omtalte saka.

Ho seier ho alltid har lura på kven det var som hadde boka frå fredsvåren 1945.

– Og no fann eg det ut. Det var ei som var i NS. I boka fortel ho at ho eigentleg skulle ha gifta seg den våren, men kjærasten sat bak piggtråd, han hadde vore frontkjempar.

Jeia Børte hamna på Eika i Bø i Telemark

Jeia Børte skreiv om livet her på garden i Bø i Telemark, om store og små hendingar

Foto: Eva Tønnessen/Khrono

60 år med bøker i posten

Dei 32 jentene skreiv kvar sine epistlar om kvardagslivet, om glede og sorg, om store hendingar i livet og om tragediane.

– Me var æreslege, pynta ikkje på noko seier Jeia. Og det var ein heftig diskusjon når me foreslo å gje dei til biblioteket på Stabekk. Mange ville ikkje det, dette var for privat og kvardagsleg.

Psykologilæraren kom med ideen

– Det var psykologilæraren vår, Torstein Høverstad, som kom med ideen om ei bok me kunne sende rundt og fortelje om liva våre. Me budde saman på internat på Stabekk, og blei ein veldig samansveisa gjeng. Bøkene me sende rundt, styrka samhaldet som varer livet ut. No er me berre fem att av dei 32, seier Jeia.

Det var også Høverstad som foreslo namnet Kjøttgryta på dagbøkene.

Blikket glir ut mot vindauget, og tankane tilbake til dei unge jentene som på slutten av dei harde 30- åra enda opp saman på ein skule. Jenter som sidan fylgde kvarandre i gode og vonde dagar, og mange blei gamle saman.

Jeia Børte fortel om dagbøkene

– Det blei så mykje sjukdom

Jentene fortalde kvarandre om kjærleik og giftarmål, om ungar og barnebarn, små og store ting.

– Etter som me vart eldre, blei det mykje sjukdom. Det blei kjedeleg, eg foreslo at me burde slutte med skrivinga, men då fekk eg høyre meg, fortel ho vidare.

Men å slutte var ikkje snakk om.

– Eg fekk ordentleg kjeft av ei av jentene seier Jeia med eit lite smil. Få månader etterpå døde denne klasseveninna.

Unikt materiale

– For oss er dette eit veldig spennande og unikt materiale, seier seniorrådgjevar i Riksarkivet i Oslo Jon Sandven til NRK.no.

Tidlegare har Statsarkivet i Oslo fått arkivet til Statens Lærinneskole i husstell på Stabekk.

– Det å få et slikt dagbokprosjekt som handlar om livet til så mange kvinner over ein så lang periode, er unikt. Kvinne- og kverdagsperspektivet har endra seg dramatisk i den perioden. For vår del handlar det om å sikre ein heilskapleg samfunnsdokumentasjon seier Sandven.

Eika gard i Bø

På Eika i Bø i Telemark har Jeia Børte budd i 70 år

Foto: Eva Tønnessen/Khrono

Berre kvardagshistorier

– Det er berre brev, mange meinte det ikkje var noko å spare på.

Jeia friskar opp i diskusjonen som gjekk.

– Nokre av jentene meinte at bøkene med dagboksnotater burde brennast eller makulerast. Men ikkje alle var einige om det.

Jeia var av dei som tok initiativet. Men sjølv har ho ikkje noko ynskje om at bøkene skal bli prenta.

– Nei, nei, ikkje det, seier ho.

Ho legg til at kanskje nokon har interesse av å høyre korleis livet var då me var unge. Bøkene, som i mange år har lege i høgskulens bibliotek på Kjeller, har no fått ein ærefull plassering i sjølvaste Statsarkivet i Oslo.

Flere nyheter fra NRK Vestfold og Telemark

Familien Larsen med to barn står ved bilen og pakker for å dra fra campingplassen i Midt-Telemark etter flommen mandag.

Måtte evakuere på grunn av flom – dekkes ikke av reiseforsikringen