I dag lever omkring 101.000 personar med demens i Noreg.
Det er forventa meir enn ei dobling innan år 2050 på grunn av aukande talet på eldre i samfunnet, ifølge Folkehelseinstituttet (FHI).
Skien kommune har tatt tala på alvor og har bestemt seg for å bli eit meir demensvennleg lokalsamfunn.
For å få til det har dei nå invitert næringslivet til ein samfunnsdugnad.
Det er butikkmedarbeidar Vibeke Lunden hos Apotek 1 glad for.
Mange situasjonar kvar veke
Fleire gonger i veka kjem det kundar innom som ho mistenker har ein demenssjukdom.
Vibeke Lunden jobbar på Apotek 1 og kjem ofte i situasjonar der kundar kan ha demenssjukdom.
Foto: Håkon Lie / NRK– Vi ser fort at dei blir forvirra. Kanskje har dei mista legitimasjonen sin, ikkje finn bankkortet sitt og ikkje heilt veit kva dei skal gjere. Da skjønner vi at her treng kanskje nokon litt ekstra hjelp og omsorg.
Skal bli gode på å oppdage folk med demens
Etter at kjøpesenteret tok valet om å bli demensvennleg, er alle tilsette sende på kurs.
Alle dei 20 butikkane i Alti Lietorvet skal nå bli demensvennlege og er det første kjøpesenteret som blir med på dugnaden om å gjere Skien til ein demensvennleg kommune.
Foto: Håkon Lie / NRKDer skal dei lære meir om korleis dei kan møte folk med demenssjukdom i butikkane.
Lunden er glad ho har fått fleire verktøy til å handtere den raskt aukande kundegruppa.
– Etter kurset er det lettare å sjå situasjonar tidlegare enn det vi gjorde før. Vi veit kva vi skal gjere. Så nå er vi tryggare på at vi kan hjelpe dei på ein betre måte.
Allereie er det over 180 kommunar i Noreg som jobbar for eit meir demensvennleg samfunn.
Og fleire kommunar er i startgropa for å bli med i prosjektet, ifølge Nasjonalforeininga for folkehelsa.
Demensforeininga jublar
Ei som er veldig glad for at kommunen har sett demenssjukdom på dagsordenen er leiaren av Skien demensforeining.
– Det har veldig mykje å seie for oss, seier Tove Siggerud.
Tove Siggerud er leiar av Skien demensforeining og er glad Alti Lietorvet ønskjer å bli eit demensvennleg kjøpesenter og håpar andre i næringslivet blir inspirerte.
Foto: Håkon Lie / NRKSjukdommen kan komme i mange ulike variantar. Derfor er foreininga glad for at alle tilsette ved Alti Lietorvet blir sende på kurs.
Dei veit at auka kunnskap vil gjere kvardagen tryggare for dei som lever med demens.
Var heilt naturleg å bli med
Senterleiaren ved Alti Lietorvet var ikkje i tvil da ho blei kontakta om prosjektet.
Ho meiner at dette er noko alle som driv med servicenæring bør gjere.
Senterleiar Kathrine Nakken er opptatt av at alle, uavhengig av utfordringar, skal kjenne seg trygge og varetatte som kundar på kjøpesenteret.
Foto: Håkon Lie / NRK– Det tar ein time, kurset ligg klart. Det er kjempedyktige kurshaldarar både frå demensforeininga og kommunen. Så eg sender stafettpinnen vidare til andre kjøpesenter, seier Kathrine Nakken.
Viss ingen i kommunen tar over stafettpinnen vil demensforeininga gjere sitt for at han får ein ny eigar.
– Vi håpar dette får ringverknader til fleire kjøpesenter. Vi skal ha med fleire. Det er viktig, avsluttar Tove Siggerud.