Hopp til innhold

Mann tiltalt for grov vald mot hund i Tønsberg

Ein mann i starten av tjueåra er tiltalt for å ha kasta ein hund mot golvet slik at den brakk beinet. Årsak: Den tissa innandørs.

Røntgenbilde av hund med skader.

FIKK SKADER: Politiet meiner mannen skal ha kasta hunden i bakken fordi den tissa innandørs.

Foto: Politiet

FIKK SKADER: Politiet meiner mannen skal ha kasta hunden i bakken fordi den tissa innandørs.

Foto: Politiet

Sjølv blånektar mannen for å ha påført hunden skadane.

Passet hund i leilegheita

Den tiltalte skal ha passa dyret på ei adresse i Tønsberg da hendinga skjedde i mai i fjor.

Den to år gamle rasehunden skal ha tissa innandørs, noko som ifølge tiltalen resulterte i at mannen blei fly forbanna.

Politiet meiner å kunne bevise at han tok tak i hunden etter nakkeskinnet, for deretter å kaste han hardt i golvet fleire gonger.

Deretter tok det tre dagar før han dukka opp hos veterinær med den vettskremte hunden.

Vestfold tingrett

Hans Egil Seljordslia, politiadvokat i Sør-aust politidistrikt.

Foto: Tom Erik Haugland / NRK

Hans Egil Seljordslia, politiadvokat i Sør-aust politidistrikt, meiner saka er alvorleg.

– Vi meiner han har utøvd grov vald mot hunden, seier han til NRK.

Lovbrotet mannen er tiltalt for har ei strafferamme på tre år.

Tok ikkje hunden til veterinær med ein gong

Politiet meiner også at mannen venta i fleire dagar med å oppsøke veterinær, sjølv om hunden var skadd.

– Dyrehaldar pliktar å sørge for at dyr får forsvarleg veterinærbehandling. Vi meiner han ikkje har gjort dette. Han kom først til veterinær med hunden etter tre dagar, seier Seljordslia.

Hunden skal ha fått behandling i ettertid, og er nå heilt frisk igjen, opplyser politiadvokaten.

Mannen er også tiltalt for fleire andre forhold, som ikkje blir omfatta av dyrevelferdslova. Blant dei truslar og bæring av kniv.

Det er sett av to dagar til saka, som skal gå i Vestfold tingrett.

Forsvararen til mannen, Hanne Wold Johansen, har så langt ikkje svart på NRK sine førespurnader.