Hopp til innhold

Kommunen kjøpte hus til familien Kanaan

Husbanken håper fleire kommunar kan følgje etter Seljord.

Familien Kanaan

NYTT HUS: Familien Kanaan er den første familien i Seljord som får hus av kommunen. F.v. Bana Kanaan, Riham Abouaisha, Ghazal Kanaan, Ghiat Kanaan og Omar Kanaan.

Foto: Martin Torstveit / NRK

– Me er veldig glade no, seier Ghiat Kanaan.

Trebarnsfaren har flytta inn i nytt hus saman med kone og barn. Familien kom frå Syria som flyktningar til Noreg for om lag fire år sidan.

Dei har ikkje hatt økonomi til å kjøpe bustad, men no har dei fått draumehuset.

– Mange drøymer jo om å eige sin eigen bustad, men det er vanskeleg utan hjelp, seier Kanaan.

Kona Riham Abouaisha gler seg også over det nye huset.

– Me ønsker jo å vere sjølvstendige, så dette gjev ei god kjensle, seier Abouaisha.

Treng barnefamiliar

For å sikre at barnefamiliar blir buande i Seljord, har kommunen starta prosjektet «Frå leige til eige».

Kommunen kjøper eit hus til ein barnefamilie, og leiger ut bustaden til familien. På sikt skal familien ta over lånet og bli eigarar av huset. Alle barnefamiliar med vanskeleg økonomi kan søke.

I første omgang kjøper kommunen to hus. Eitt av dei gjekk til familien Kanaan, som har plukka ut huset sjølv.

– Me har sikra at ein barnefamilie blir verande i kommunen. Det er viktig for oss, seier Beate Marie Dahl Eide som er ordførar i Seljord.

Som mange andre distriktskommunar har Seljord hatt ei negativ utvikling i folketalet, og pila peiker vidare nedover i åra som kjem.

– Dette gjer at dei slår røter, og blir verande i bygda, seier Eide.

Ordføraren understrekar at kommunen berre legg inn eitt bod på husa, slik at dei ikkje presser prisane oppover.

Beate Marie Dahl Eide

Beate Marie Dahl Eide er ordførar i Seljord kommune.

Foto: Hans Cosson-Eide / NRK

God løysing

Seljord kommune brukar til saman 5 millionar kroner på dei to husa.

Delar av pengane låner dei frå Husbanken. Dei er positive til prosjektet i Seljord.

– Denne typen kjøp skaper stabile buforhold, seier Holt. Ho jobbar med ulike leige til eige-løysingar overfor kommunar.

Husbanken har ingen løpande oversikt over kor mange kommunar som kjøper hus til familiar slik som i Seljord.

Likevel opplever Holt at det er ganske få liknande prosjekt i Noreg. Fordi det er så krevjande for kommunane å løyse huskjøpet i praksis.

Edle Holt

Edle Holt er seniorrådgjevar i Husbanken.

Foto: privat

På oppdrag frå Kommunal- og moderniseringsdepartementet ser Husbanken no på tiltak som skal gjere at fleire vanskelegstilte familiar blir eigarar av eigen bustad.

– Me er opptekne av å finne løysingar slik at fleire kommunar kan hjelpe innbyggjarar som vil ha eigen bustad, seier Holt.

Husbanken skal levere forslaga sine til departementet i juli.