Hopp til innhold

Må betale for gratiskamp: – Umusikalsk av Sandefjord å ikkje likebehandle

På søndag treng ikkje supporterane til Sandefjord Fotball å betale for inngang, men det gjeld ikkje for motstandarlaget.

Sandefjord supporter

SISTE INNSPURT: Det nærmar seg sesongslutt og Sandefjord treng all støtte dei kan få frå tribunen, fortel klubben.

Foto: NTB

– Eg synest jo at det er litt spesielt å forskjellsbehandle supporterar basert på kva farge dei har på trøya.

Sean Røskeland har vore ein trufast Brann-supporter i over 20 år. Kampen denne helga blir hans 31. i år.

Gleda var derfor stor då Sandefjord førre veke annonserte at kampen mellom dei blå og raude var gratis.

Les også Haaland kan knuse 90 år gammel scoringsrekord – dette er mannen han må slå

Faksimile av Jørgen Juve og Erling Haaland.

Men gleda var kortvarig.

Kan bli for dyrt

Nokre dagar etter annonseringa skjønte Røskeland at det var berre var supporterane til heimelaget som slapp å betale. Sjølv må han ut med 200 kroner for billetten.

– Eg synest jo det var veldig spesielt.

Han reknar det som forskjellsbehandling.

– Viss ein skal køyre ein sånn kampanje, så burde den gjelde for alle. Det er rett og slett umusikalsk av Sandefjord å ikkje likebehandle.

Han meiner også det er viktig å tenkje over dei økonomiske utfordringane som mange står i for tida.

– Dei tilreisande, som då gjerne reiser langvegsfrå har kanskje dyrare reisevegar, nokon flyg, nokon bussar og er 24 timar på reise. Det kan hende at det er nokon som ikkje har råd til 200 kroner.

m01o6FnGi48

JOTUN ARENA: Kampen er førstkommande søndag på Jotun Arena.

Foto: NTB

Ingen dårleg samvit

Ideen om gratiskamp kom ettersom laget nærmar seg sesonginnspurt og treng all støtte dei kan få frå tribunen.

Det fortel sals- og marknadsleiar Erik Karlsen ved Sandefjord Fotballklubb.

– Næringslivet her lokalt ønskjer jo Sandefjord fotball alt godt og mest mogleg støtte frå tribunen. Difor er dei med på å støtte billettar til tilskodarane til laget vårt.

Erik Karlsen

TEK DET MED RO: Sandefjord fotball har ikkje dårleg samvit når det gjeld billettavgifta for Brann-supporterane.

Foto: Sandefjord Fotball

Klubben har heller ikkje dårleg samvit etter kritikken frå Brann-supporterane.

– I utgangspunktet er vi veldig fornøgde med måten vi har løyst det på og det er også støttespelarane våre, avsluttar han.

Les også Dette biletet hugsar ikkje Delaney (19) – kasta opp ei heil veke

Delaney Irving

– Ein bør invitere alle til festen

Brann-supporteren har forståing for at det er lite klubben kan gjere med valet no. Likevel er han litt bitter.

– Viss ein skal lage ein festdag for alle som er glad i eliteserien i Norsk fotball, så bør ein invitere alle til festen, meiner han.

Hei!

Har du noen tanker om saken, eller tips til noe annet jeg bør se nærmere på? Send meg en e-post: Emilie.Lykke@nrk.no