Hopp til innhold

Autovernet smuldrar opp: – Falsk tryggleik

Ròtne autovernsstolpar og ein veg som er i ferd med å skli ut. Det er det som møter bilistane på denne fylkesvegen. Vedlikehaldsetterslepet på fylkesvegar kan vere på over 60 milliardar kroner.

Råtten stolpe på autovernet

SMULDRAR OPP: Dersom ein bil treffer autovernet her, vil stolpen gi etter, ifølgje entreprenør Magne Haugsjå.

Foto: Kurt Inge Dale / NRK

– Vegane er så dårlege som dei aldri har vore, og denne er vel den dårlegaste i heile Telemark, og kanskje i heile landet.

Det seier ordførar i Fyresdal Erik Skjervagen. Han fryktar distrikta skal bli gløymde når fylkeskommunen kuttar i vegbudsjettet.

Etterslepet på fylkesvegane i Noreg er, ifølgje Nasjonal transportplan for 2018-2029, på 62 milliardar kroner. For Vestfold og Telemark sin del er talet 4 milliardar, og talet er aukande.

I tillegg til dårlege vegar, er autovernet på fylkesveg 355 i Fyresdal kommune i svært dårleg stand. Mange av stolpane er gjennomròtne og smuldrar opp.

– Det er skandaløst, og det seier litt om kor låg prioritering vi har hatt når sjølv ikkje autovernet blir gjort noko med. Det er rett og slett uansvarleg.

Ordføraren var ikkje klar over at autovernet var i så dårleg stand.

– Eg har konsentrert meg om vegen, og den er jo ille nok. Det er ille at det går på tryggleiken laus, og bør rettast opp.

Skjervagen meiner det er på tide at fylkeskommunen tek ansvar.

– No er det over 40 år sidan det vart gjort noko på denne vegen, og det ser vi konsekvensen av.

Råtten stolpe på autovern
Foto: Kurt Inge Dale / NRK

Rotnar innanfrå

Entreprenør Magne Haugsjå i maskinentreprenørfirmaet Knut Haugsjå AS er sjokkert og kallar autovernet for ein falsk tryggleik.

– Stolpen er ròten tvers igjennom. Kjem du med ein større bil imot her, så knekkjer stolpen tvers av.

Stolpane er impregnerte på utsida, og dei er kappa slik at dei er hole innvendig. Det har ført til at mange av stolpane har rotna innanfrå.

Stolpe på autovern mangler

MANGLAR STOLPE: Enkelte stader langs vegen manglar det òg stolpar på autovernet.

Foto: Kurt Inge Dale / NRK

– Nærast ein ruin

Ordførar Skjervagen forventar at fylkeskommunen tek grep raskt.

NRK viser leiar i samferdselsutvalet i Vestfold og Telemark, Arve Høiberg, har bilete av fylkesveg 355.

– Akkurat den vegen vi ser her, har knapt noko tryggleik. Når du i tillegg ser kor dårleg veglekamen er, så skjønner du at denne vegen her er nærast ein ruin.

Arve Høiberg

INGEN LOVNADER: Leiar i samferdselsutvalet i Vestfold og Telemark, Arve Høiberg, seier fylkeskommunen ikkje har råd til å utbetre vegen. (arkivbilete)

Foto: Magnus Skatvedt Iversen / NRK

Han erkjenner at fylkeskommunen må bruke mykje pengar for å få vegen opp til ein nokolunde tilfredsstillande standard.

Problemet er at ingen fylkeskommunar har pengar til det, ifølgje han.

– Og det hjelper ikkje å byggje firefelts motorvegar når vi ikkje kan tilby noko betre enn det her kvar folk faktisk òg bur, seier Høiberg.

Innrømmer etterslep

Regjeringa innrømmer at vedlikehaldsetterslepet på fylkesvegane er stort.

– Vi i samferdselsdepartementet har på reiser i hele landet både sett og høyrt om viktige næringsvegar som ikkje er halde vedlike og behøver utbetringar, seier statssekretær i Samferdselsdepartementet, Ingelin Noresjø (KrF).

Men ho kan ikkje love meir pengar til fylkesvegane.

– Dårlege fylkesvegar blir flaskehalsar mange stader. Det hindrar utviklinga til lokalt næringsliv. Me har fått mange innspel på at staten må prioritere styrking av fylkesvegar, og at dette arbeidet må inn i Nasjonal Transportplan. Etterslepet på fylkesvegar er veldig stort, og me jobbar vidare med dei innspela me har fått, seier ho.

I denne artikkelen er kommentarer fra samferdselsdepartementet lagt til i etterkant.