Hopp til innhold

Hyttefelt med 20 hytter kan få selskap av 122 nye hytter: – Veldig frustrerande

Fortetting skaper konflikt på Gaustablikk. – Det blir eit spørsmål om vi orkar å vere her, seier hytteeigar.

Enkel hyttestandard på Gaustablikk. Else Nygård og Jorunn Aasterud

DET ENKLE HYTTELIV: Dei elskar det enkle hyttelivet i Sløkjedalen utan veg fram til hytta, med utedo og utan innlagt vatn. Men ein ny reguleringsplan vil øydelegge hytteidyllen, meiner dei.

Foto: Ragnar Lurås / NRK

Hytteeigarane meiner dei blir overkøyrt av grunneigar som vil fortette eit område med spreidd hyttebygging.

I eit hyttefelt med 20 hytter med enkel standard kan dei få selskap av 122 nye og moderne hytter.

Gaustablikk er eit utbyggingsområde for hytter i Tinn. Her er det poplært å ha fritidsbustad for folk frå heile Austlandet. Moderne hytter med garasje og parabolantenner blir selt for millionbeløp.

Vil ha enkel standard

Else Nygård frå Hof i Vestfold og ektemannen bygde hytta i 1993. Dei har hogd tømmer, frakta materialar og bygd hytta si sjølv.

– Eg har veldig fin utedo og vatn på trappa, og meir treng eg ikkje. Eg vil ha det annleis enn eg har det heime.

Jorunn Aasterud frå Nesodden har hatt hytte på Gaustablikk i snart 30 år. Ho fortel at den tidlegare grunneigaren var veldig streng med kva dei fekk lov til å gjere.

– Det var ikkje fritt fram. Han var veldig glad i naturen, og det fekk vi veldig respekt for.

Aasterud fortel at hyttene skulle ha enkel standard, ha god avstand til naboen, og vere lite synleg i terrenget.

Elskar enkelt hytteliv på Gaustablikk. Else Nygård og Jorunn Aasterud

Else Nygård og Jorunn Aasterud har hatt det godt på hytta i snart 30 år. Men ei ny hyttebygging rundt hytteveggane, vil dei ikkje ha.

Foto: Ragnar Lurås / NRK

Massiv hyttebygging

Men den nye grunneigaren har laga ein ny reguleringsplan som vil snu kvardagen på hovudet for hyttenaboane i Sløkjedalen.

– Det er veldig frustrerande. For det er snakk om ei massiv utbygging med 122 nye hytter i eit veldig lite område.

Jorunn Aasterud seier det blir ei heilt ny verd med folk og hytter, og vegar som blir lagt heilt inn til hytteveggen.

– Så det blir eit spørsmål om vi orkar å vere her. For det var ikkje dette vi blei lova då vi blei hytteeigarar i fjellheimen.

Sløkjedalen hyttefelt på Gaustablikk med spreidd hyttebygging.

Det er ikkje lett å få auga på hyttene i skogen slik dei er plassert av den tidlegare grunneigaren.

Foto: Ragnar Lurås / NRK

– Må rekne med å få naboar

Grunneigar Jørund Klonteig seier dei som har hytte på Gaustablikk, må rekne med å få naboar nærare enn dei hadde frå før.

Han meiner innspela til den nye reguleringsplanen ikkje representerer alle i hyttelaget.

Dei som ikkje har kommentert, ønskjer ei utbygging med veg, vatn og avløp til hyttene sine.

Klonteig seier han har tatt omsyn til plassering av nye hyttetomter, og høgda på hytter som ligg nære der det er hytter frå før.

I Sløkjedalen hyttelag avviser dei at det har vore dialog. Dei meiner også at den tidlegare grunneigaren har lova at det ikkje skulle bli fortetting for 30 år sidan.

– Men forstår de ikkje at det kan bli endringar i reguleringsplanar?

– Eg meiner det kan vere hyttefelt med litt enklare hytter. For folk som ikkje ønskjer å bu så tett, og som ikkje vil ha den luksusen med veg, vatn og kloakk. Der kan ein fortette med tomter for folk som vil ha det litt enklare, seier Nygård.

Elskar det enkle hyttelivet på Gaustablikk

Else Nygård fekk beskjed om at hytta måtte ligge lågt i terrenget av den førre grunneigaren, og at gamle tre måtte få stå. Her kan vegen kome rett bak hytta.

Foto: Ragnar Lurås / NRK

– Tar ikkje omsyn til kontrakt

I festekontrakten Else Nygård fekk med tidlegare grunneigar i 1992, står det at det skal vere minst 50 meter til neste hytte. Og dei får lov å ha ein brønn 15 meter frå hytta.

Dei skal også få lov til å vere med å bestemme kva som skal skje i ein radius på 200 meter frå hytta.

– Ingenting av dette har utbyggar eller kommunen tatt omsyn til, seier Nygård.

Jørund Klonteig viser til at det står i festekontrakten at grunneigar kan fråvike desse føresetnadene mot å erstatte den økonomiske skaden Else Nygård blir påført.

Klonteig seier han kjøpte eigedomen i 1991. Han meiner planane om nye hytter aukar salsverdien, og viser til at ei hytte blei selt for 2,5 millionar kroner.

Faksimile av utbyggingaområde på Gaustablikk. Gamle hytter har rosa farge.

Fortetting rundt hytter i nordre del av planområdet i forslag til reguleringsplan. Rosa farge markerer 20 hytter som er der frå før. Her kan det kome 40 nye hytter. Totalt kan det bli 122 nye hytter i området.

Foto: Tinn kommune

Flere nyheter fra NRK Vestfold og Telemark