Hopp til innhold

Overvakar politiet på sjøen

KRAGERØ (NRK): Det har blitt populært å varsle om kor politibåtane langs kysten er til ei kvar tid i sosiale medium. Tusenvis av menneske overvakar politiets bevegelsar på sjøen. Politiet bekymrar seg over konsekvensane for slike varslingssystem.

Politibåt på Facebook

TOK 15 MINUTT: Det tok ikkje lang tid før politibåten vart observert og meldt inn på Facebook.

Foto: Stian Wåsjø Simonsen / NRK

Folk er flinke til å varsle kvarandre når det skjer noko, og det er klart at det byr på problem for arbeidet vårt, seier politioverbetjent i Kragerø, Terje Sandik.

Det er gjennom ulike grupper på blant anna Facebook, at folk varslar kvarandre om kor politibåtane er. I gruppa "Politibåt Varsling Kragerø" dukkar politibåten til Sandik ofte opp.

I dag har han stoppa ein båt for å ha køyrd for fort. Nøyaktig 15 minutt etterpå kjem det eit bilete av politibåten på varslingsgruppa med ein beskriving om kor politibåten er.

– Me må jo berre rose dei som driv med dette her, for det verkar jo som om opplegget fungerer godt, seier Sandik.

Terje Sandik

BEKYMRA: Politioverbetjent i Kragerø, Terje Sandik, likar ikkje utviklinga rundt den nye varslekulturen.

Foto: Stian Wasjø Simonsen / NRK

Skumle hensikter

Folk brukar ikkje gruppene berre til å varsle andre. På veggen til gruppa "Politibåt Varsling Kragerø" er det også fleire som ofte spør kor politibåten er akkurat no. Fleire av desse meldingane kjem ofte i dei seine nattetimane.

Niklas Adler Opsund

BRUKAR: Niklas Adler Opsund er ein av dei som følger med på Facebookgruppa.

Foto: Stian Wåsjø Simonsen / NRK

– Eg veit at mange brukar varslingssystemet for å køyre båt med promille utan å bli tatt, men det er ikkje difor eg brukar det, seier Niklas Adler Opsund. Han er ein hyppig brukar av Facebookgruppa.

– Det er ikkje bra at det skjer, seier Terje Sandik i politiet.

Legg du ut politibåten sin posisjon når du ser den på sjøen?

– Eg har ikkje gjort det enda, men så ser eg faktisk ikkje politibåten så ofte, seier Opsund.

Les også:

Skal ikkje føle seg for trygge

Sjølv om Facebookvarslinga fungerer godt, åtvarar Sandik dei som trur at ein kan gjere kva ein vil på sjøen utan risiko for å bli tatt.

– Det er klart at me har visse grep me kan gjere for å omgå slike varslingar.

Dei ulike Facebookgruppene som føljer politibåtanes bevegelsar har mange medlemmer. Varslingstjenester for politibåtane i Agder, Telemark og på Mjøsa har til saman over 10 000 medlemmer.