Hopp til innhold

Mette-Marit blei elev – no er det fulle kurs og ventelister

Ei ny verd opna seg for kronprinsesse Mette Marit då ho oppdaga veving. No aukar interessa for handverket, også blant yngre.

Kronprinsesse Mette-Marit sammen med Eli Wendelbo, universitetslektor, USN.

LÆRAR OG ELEV: Eli Wendelbo ved Raulandsakademiet er ein av vevlærarane til kronprinsesse Mette Marit.

Foto: Gry Eirin Skjelbred / NRK

Kronprinsesse Mette-Marit har dei siste åra vore ein lidenskapeleg vevar.

Det har påverka fleire til å få opp augo for dette handverket, seier Ingrid Hamberg, som er kursansvarleg ved Raulandsakademiet.

Der har kronprinsessa fleire gonger vore på kurs i den nye hobbyen sin.

Heidersplassen på slottskontoret

Den store interessa for veving oppstod for rundt tre år sidan. Kronprinsessa har snakka offentleg om den nye lidenskapen sin fleire gonger.

Sist gong i eit stort NRK-intervju i samband med 50-årsdagen hennar 19. august.

Der viste ho stolt fram det som nyleg har fått heidersplassen på kontoret hennar på slottet;

Eit stort og fargerikt telemarksteppe ho har veva saman med lærarane i Rauland.

Eg fekk det heim og tenkte «guri, det må jo henge her inne, det er som skapt for dette rommet», fortel kronprinsessa i intervjuet.

Kronprinsesse Mette-Marit sitter i en hvit sofa på kontoret sitt på Slottet. Veggene er oransje, og på veggen bak henne henger et vevet teppe.

Teppet har fått heidersplassen på kontoret på slottet.

Foto: Eskil Wie Furunes / NRK

Interessa aukar

I mars var kronprinsparet på offisielt besøk i Rauland, for å besøke nettopp Raulandsakademiet og universitetsavdelinga som ligg i same bygg.

– Det er den store lidenskapen for deg om dagen, det er jo det, sa kronprins Haakon om vevinga til kona under besøket.

Etter det kongelege besøket har altså kursansvarleg Ingrid Hamberg merka at interessa aukar.

Me er midt i ei stor veve-bylgje, der me ser at det er fleire – inkludert kronprinsessa – som finn vegen til veven.

Sidan det kongelege besøket på Rauland i mars har det vore fulle kurs og ventelister på alle vevkursa.

Eli Wendelbo og Ingrid Hamberg framfor ein vevstol på Raulandsakademiet

Eli Wendelbo og Ingrid Hamberg i vevstoga til Raulandsakademiet.

Foto: Håkon Lie / NRK

– I år har det vore mange nye her, folk som ikkje har vore på kurs her tidlegare. Fleire har fått vite at dei kan kome hit for å lære. Det kan me kalle ein Mette-Marit-effekt, seier Hamberg.

Og same helg som 50-årsprogrammet blei sendt, ramla det inn nokre e-postar frå folk som kunne tenke seg å få same vevsopplæring som Noregs komande dronning.

Yngre og uerfarne viser interesse

Hos Noregs husflidslag er vevkursa blant dei mest populære kursa dei har, seier Tone Sjåstad, som er kommunikasjonsrådgjevar i forbundet.

Sjølv om veving lenge har vore populært i visse kretsar, ser ho likevel ei endring no.

– Me ser at mange yngre, som ikkje tidlegare har drive med handverk, no viser interesse for veving og melder seg på kurs. Det kan ha noko med kronprinsessa å gjere, seier Sjåstad.

Tone Sjåstad, kommunikasjonsrådgiver i Norges husflidslag

Tone Sjåstad, Norges husflidslag

Foto: Ola Dybendahl

Skryter av fellesskapet

Kronprinsesse Mette-Marit har skrytt av kor fint det er å vere i et handverksfellesskap, som under det offisielle besøket i Rauland.

– Det ligg så mykje kunnskapsutveksling i måten ein jobbar saman på. Det er flotte folk som vevar, skrytte kronprinsessa då.

Sjåstad trur dette har hatt mykje å seie.

– Folk har fått opp augo for at det også er så sosialt, seier ho.

No håpar Norges husflidslag på endå meir Mette-Marit-effekt.

– Eg håpar den store interessa fører til at fleire også vel vevinga som yrkesveg, at dei vil drive med det som næring, seier Sjåstad.

Vevopplæringa i Rauland er ei kursrekke som Norges husflidslag og Studieforbundet kultur og tradisjon arrangerer. I tillegg finst det små og store vevkurs over heile landet i regi av lokale handverkslag.