Hopp til innhold

Nyopererte Eline torde ikkje bli igjen aleine på barselavdelinga

Eline Sandhaug reiste heim berre eit døgn etter keisarsnittet fordi ho var livredd for å ikkje få hjelpa ho trong på sjukehuset. Stadig fleire meiner pandemien har avdekka store manglar i barselomsorga.

Eline Sandhaug holder den tre uker gamle sønnen sin.

– ​​​​​​​ PANIKK: Eline Sandhaug samanliknar barselomsorga under pandemien med Titanic som møter isfjellet. – ​​​​​​​ Og eg følte eg var om bord, seier ho.

Foto: Randi Berdal Hagen / NRK

For Eline Sandhaug (37) blei starten på det nye livet som mor langt tøffare enn ho hadde sett for seg.

På grunn av ei alvorleg ptsd-diagnose hadde traumepsykologen hennar skrive ei uttale til sjukehuset om kor viktig det var at ho skulle kjenne seg trygg heile vegen.

Men etter eit døgn på ei travel barselavdeling, nyoperert etter keisarsnitt, med sterke smertestillande i kroppen og liggande i ei gamal sjukehusseng som ho ikkje klarte å reise seg frå åleine, kom beskjeden: No måtte sambuaren hennar reise heim.

– Eg fekk panikk. Eg klarte ikkje bevege meg, og eg hadde eit barn eg skulle ta vare på. Eg berre grein.

– Som Titanic som treffer isfjellet

Sandhaug seier ho var avhengig av hjelp kvart femte minutt for å kunne kome seg ut av senga.

Ho skulle ta opp sonen, prøve å få til amminga, sørge for nok hudkontakt med barnet, få han til å sove, gå på do og få i seg mat og drikke. Og ho trong å kjenne seg trygg for at ho ikkje skulle bryte saman.

– Eg forstod at blir eg verande aleine, går ikkje dette bra. Dei har ikkje tid til å hjelpe meg så mykje som eg treng.

Ho understrekar at personalet som var på jobb gjorde så godt dei kunne, men at dei hadde altfor mykje å gjere. Det endte med at ho og barnet blei med barnefaren heim midt på natta, i staden for at dei skulle bli verande der utan han.

Erklæringa om at ho reiste frå Sjukehuset Telemark på eige ansvar, nekta ho å skrive under på.

Eline Sandhaug holder den tre uker gamle sønnen sin.

Vesle Sverre har blitt tre veker gamal. Eline Sandhaug får framleis hjelp til å bearbeide det som skjedde etter fødselen.

Foto: Randi Berdal Hagen / NRK

Tre veker seinare sit ho i sofaen heime hos mora i Kragerø med vesle Sverre på fanget. Det har vore ein svært tøff start på barseltida. Ho vil fortelje historia si for å rette søkeljoset mot kvinnehelse og barselomsorg.

– Barselomsorga har vore nedprioritert og underfinansiert i så mange år. Når det då kjem ein pandemi i tillegg, blir det som Titanic som treffer isfjellet. Og eg følte eg var om bord på Titanic, for å seie det slik. Eg var ein av dei uheldige som måtte ta konsekvensane.

– Liberal praksis

– Me ynskjer ikkje å gå inn på enkeltsaker, men beklagar sterkt at kvinna føler at ho ikkje fekk den tryggleiken og omsorga ho følte ho hadde behov for hos oss.

Det skriv Sjukehuset Telemark i ei uttale sendt av kommunikasjonssjef Geir Jørgen Bekkevold.

I uttala står det at sjukehuset, som ligg i Skien, har hatt ein meir liberal praksis med tanke på partnars deltaking under fødsel og barseltida, enn mange andre sjukehus.

Me prøvar så langt det er mogleg å oppfylle behovet til den enkelte, men i hektiske periodar med mange fødande er me nøydde til å gjere prioriteringar blant dei inneliggande.

Fleire deprimerte mødrer

Ein fersk studie viser at 34 prosent av dei spurde som fødde under koronapandemien, oppga at dei blei dårleg varetatt på barselavdelinga.

Studien viser òg at ei av tre kvinner som fødde under pandemien, fekk depressive symptom. For ti år sidan var talet ein av ti, ifylgje Tidsskriftet for Den norske legeforening.

Allereie i fjor viste ei undersøking at den mentale helsa blant nybakte mødrer gav grunn til uro.

Les òg Meri hadde ekstreme smerter under fødselen, og seier at ho blei møtt med latter

Meri Wiik

Fleire peikar på at det ikkje berre er pandemien som har gjort at mange barselkvinner fortel om vonde opplevingar. Men at pandemien også har bidratt til å avdekke og forsterke manglane som fanst der frå før.

Blant dei som meiner det, er Venstre-leiar Guri Melby, som har stilt fleire spørsmål til helseministeren om temaet.

– Det er ingen tvil om at pandemien har avdekka ein god del hol i barselomsorga vår, som me verkeleg bør rette opp, seier ho.

Mellom anna er behovet for å auke bemanninga og utdanne fleire jordmødrer stort. Det har både Jordmorforbundet og Barselopprøret lenge varsla om.

– Sprikande tilbod

– Eg vil seie at tilbodet i dag er veldig sprikande. Veldig mange opplever å bli svært godt tatt vare på gjennom svangerskapet, fødselen og etterpå, av dyktige fagfolk. Men så er det også mange som har vonde opplevingar. I nokre tilfelle får det forferdelege konsekvensar, seier Melby.

Også stortingsrepresentant Seher Aydar i Rødt er uroleg for utviklinga.

Seher Aydar

Stortingsrepresentant Seher Aydar (Rødt).

Foto: Einar Aslaksen / Rødt

– Føde- og barselomsorga har over lang tid vore ein salderingspost i helseføretaka. Ei frisk kvinne som føder eit friskt barn, gir helseføretaket lite inntening, derfor kuttast tilbodet heile tida. No er me langt forbi det som er eit forsvarleg tilbod.

Regjeringa lovar å styrke barselomsorga

Å styrke barselomsorga er ei viktig prioritering for regjeringa, nettopp fordi det i åra før pandemien blei retta søkjeljos mot fleire utfordringar i føde- og barselomsorga. Det seier statssekretær i Helsedepartementet, Karl Kristian Bekeng (Ap).

Karl Kristian Bekeng er statssekretær i Helse- og omsorgsdepartementet

Statssekretær i Helsedepartementet, Karl Kristian Bekeng (Ap).

Foto: Esten Borgos, Borgos Foto AS

Me er opptatt av å ha tilstrekkeleg med jordmødrer både på sjukehusa og i kommunane, slik at dei kan utføre oppgåvene sine på ein god og forsvarleg måte.

I Hurdalsplattforma har me derfor varsla at det skal setjast i gang eit arbeid om det heilskaplege føde- og barselstilbodet. Arbeidet vil blant anna sjå på bemanning, følgeteneste som skal sikre kvinner i distrikta trygg oppfølging på veg til sjukehus, heiltidsstillingar og ny finansieringsmodell.

– Fristar ikkje fleire barn

For Eline Sandhaug i Kragerø er det viktig at manglane i barselomsorga kjem fram. Ho etterlyser ei stor satsing på auka bemanning på føde- og barselavdelingane.

Eg fekk ikkje ein normal start på foreldretilværet, og eg fekk ikkje ein god start med barnet mitt. Det fristar ikkje å få fleire barn etter dette, særleg ikkje ved Sjukehuset Telemark. Denne pandemien blei den siste støyten som barselomsorga ikkje tolte.