Hopp til innhold

Meri hadde ekstreme smerter under fødselen, og seier at ho blei møtt med latter

Meri Wiik opplevde å bli ledd av under fødselen. Andre opplever å bli oversett eller anna ugrei behandling. Og det skjer på nesten kvar tiande fødsel.

Meri Wiik

PANDEMIBARN: Meri Wiik er ei av mange kvinner som fødde under pandemien.

Foto: Anne Skifjeld / NRK

– Alt kunne vore gjort annleis.

Det fortel Meri Wiik. Ho er ei av dei mange mødrene som fødde under pandemien. Som 8 prosent av dei, hadde ho ei dårleg oppleving under fødselen.

For ei ny europeisk undersøking bekreftar at mange hadde dårlege opplevingar då dei fødde under pandemien.

Totalt 21.027 menneske deltok i undersøkinga frå 1. mars 2020 til 30. juni 2021. Dei svarte på ein anonym undersøking. Målet var å finne ut kva for behandling kvinner fekk under graviditet og fødsel. Over 3200 norske kvinner deltok, 8,2 prosent av dei svarte at dei hadde opplevd ei form for ugrei behandling i tida rundt fødselen.

Det er viktig å klargjere kva som går under omgrepet «ugrei behandling».

For norske kvinner har det i stor grad vore snakk om kjenslemessig overgrep, til dømes å bli neglisjert.

Meri Wiik
Foto: Anne Skifjeld / NRK
Foto: Anne Skifjeld / NRK

Kjente seg ikkje høyrt

Meri Wiik fødde i mai 2020. Då var det strenge smitteverntiltak i heile samfunnet, også på sjukehusa. Det førte til mellom anna at mannen hennar ikkje fekk vere med på heile prosessen.

– Eg måtte gå inn på fødestua åleine, då hadde eg allereie vore på observasjon i to døgn åleine.

Då ho kom inn der ho skulle føde, var beskjeden at mannen ikkje kunne kome inn enno, for ho var framleis ikkje i aktiv fødsel.

Meri wiik ståande

ALEINE: Meri Wiik fekk ikkje ha mannen sin til stades like mykje som ho hadde behov for.

Foto: Anne Skifjeld / NRK

– Dei hadde eit tal på kor mange cm opning ein måtte ha før partnaren kunne kome inn. Det blei ikkje definert som aktiv fødsel, sjølv om det for meg hadde kjentest slik lenge før det.

Les også Stort opprop krev slutt på Facetime-fødslar

Marie Oma måtte streame fødselen

Samstundes skal Wiik ha fått beskjed om at anestesilegen var i etasjen, og om ho ville sette epidural, så måtte det skje no.

– Eg hadde eigentleg tenkt at eg ikkje skulle ha epidural, men eg kjente meg pressa til å gjere det. Eg følte ikkje at det var eit forslag i det heile tatt.

I ettertid har ho tenkt at den kanylen aldri burde vore sett.

Meri vik skal inn å føde

PÅ VEG INN: Meri Wiik på veg inn for å føde sitt fyrste barn.

Foto: Privat

Hadde store ryggsmerter

Gjennom heile svangerskapet hadde Wiik hatt problem med bekkensmerter, mellom anna hadde ho gangvanskar mot slutten. Det hjelpte lite at ho tårnar 182 centimeter over bakken, og blei sett i ei seng ho tenkjer ikkje var laga for hennar høgde.

Ho nemnde smertene til dei tilsette, og spurte om det var noko dei kunne gjere, men då fortel Wik at ho blei møtt med latter.

– Dei sa at då var nok ikkje fødselen i gang enno. Eg hadde så vondt at eg skalv av smertene.

Sjølv om ryggsmerta hadde halde fram gjennom heile fødselen, torde ho ikkje nemne det igjen.

Sjukehuset har vorte informert om opplevinga til Meri Wiik.

– Det er veldig leitt at ho opplevde det slik. Vår jobb er å sikre ei trygg oppleving for kvinnene, noko vi tydeleg ikkje har fått til her. Dette er noko vi kontinuerleg jobbar for, seier seksjonsleiar ved fødeavdelinga på Ullevå sjukehus, Thorbjørn Brook Steen til NRK.

Meiner ein bør auke grunnbemanninga

Ingvild Nedberg

BEMANNING: Ingvild Nedberg trur det viktigaste ein må gjere for å betre situasjonen er å auke grunnbemanninga på fødetenestene i Noreg.

Foto: Hanne Wilhelms / NRK

Noreg var blant landa som ifølgje undersøkinga gjorde det bra på dei fleste spørsmål, men det har òg vore fleire ting kor Noreg ikkje har gjort det like bra.

– Mellom anna dette med kommunikasjon mellom den fødande og dei tilsette, seier Ingvild Nedberg, jordmor og førsteamanuensis ved Universitetet i Tromsø. Ho og Eline Skirnisdottir Vik, ved Høgskulen på Vestlandet er blant dei som står bak undersøkinga.

Eline Skirnisdottir Vik

BETRE: Ifølgje Eline Skirinsdottir Vik er det fleire ting Noreg kan bli betre på i fødeomsorgen.

Foto: Privat

Dei trur verken dette funnet, eller at 8,2 prosent opplever ein form for ugrei behandling, er noko nytt som kom med pandemien.

– Det er mykje som er bra, men og ting å bli betre på, meiner Vik.

Kvinnene i undersøkinga har ofte kjent seg åleine, fortel dei. Dei trur det viktigaste verkemiddelet som kan betre situasjonen er å auke grunnbemanninga på fødetenester.

– Det er jordmormangel i Noreg og denne undersøkinga understrekar det, meiner dei.

– Ein fabrikk

– Sjå for deg at du har vore gjennom ein fødsel som har vart i fleire døgn, og er heilt utsliten, du har ingen med deg og har ansvaret for eit lite barn, og du ligg der og ringer etter hjelp, og det kjem ingen.

Cecilia Ingulstad, Barselopprøret

PROBLEM: Cecilie Ingulstad meiner fødeomsorga i Noreg har mange problem som må bli prata om.

Foto: Privat

Cecilie Ingulstad er initiativtakar til organisasjonen «Barselopprøret» som ho starta etter ei vond oppleving då ho fødde under pandemien. Sidan då har dei fått hundrevis av førespurnader frå kvinner som har hatt ei vond oppleving på fødestua.

Mellom anna har dei fått historier om kvinner som skal ha vore på barselhotell og ringt etter hjelp i timevis utan å få svar.

Ho er glad det endeleg har kome tal på korleis kvinner opplevde det å føde under pandemien.

– Det viser at dette ikkje er enkelttilfelle, eller skrekkhistorier. Dette er eit problem som råkar veldig mange kvinner.

Fødestua

FØDE: Slik såg det ut på ein fødestue under pandemien, hold 1 meter avstand.

Foto: Sofie Setlo

Ho håpar dette kan føre til at ein får ein grunnleggjande samtale om korleis fødselsomsorga er i dag.

– Det er organisert som ein fabrikk, der ei jordmor tar deg imot, før du blir sendt vidare til ei anna. Dei ser deg aldri som eit heilt menneske.

thorbjørn brok steen

OVERLEGE: Thorbjørn Brook Steen er seksjonsleiar på fødeavdelinga på Ullevål sjukehus.

Foto: Grethe Kielland Jenssen / NRK

Blir trist av tala

Seksjonsleiar på Ullevål, Thorbjørn Brook Steen, har i fleire år jobba tett på kvinner som har hatt traumatiske opplevingar i samband med fødselen. Han er overraska over kor mange kvinner som opplever ei ugrei behandling.

– Det at kvinner føler at dei ikkje blir tekne på alvor, eller sett, eller til og med har ei oppleving at dei har vore utsette for ein form for overgrep er jo svært trist, og ikkje minst overraskande.

– Har du lært noko av pandemien?

– Eg trur kunnskapen vår om kor viktig partnaren er gjennom heile graviditeten, fødsel og barsel har nok vorte styrkt.

På kritikken frå Ingulstad om at fødeavdelinga er lagt opp som ein fabrikk, svarar han at det er nok mykje å hente i å tenkje annleis. Når dei opnar nye dei nye fødeavdelingane på Aker og Gaustad, blir det viktig at det dreier seg om den gravide, slik at dei tilsette skal komme til dei.

Gravid på nytt

Det tok ikkje lang tid før Wiik blei gravid på nytt, og no skal ho snart føde sitt andre barn. Denne gongen har ho vore tydeleg på kva ho krev frå sjukehuset.

Mage Meri Wiik

NY: Meri Wiik er gravid på nytt, og skal snart føde sitt andre barn.

Foto: Anne Skifjeld / NRK

– Eg har fått garanti for at mannen min får vere med denne gongen, for det er ikkje alltid at ein etter fødselen, eller ikkje eg tydelegvis, klarer å seie ifrå på ein god nok måte, fortel ho.

Ho er glad for at sjukehuset denne gongen har teke grep for å trygge ho.

– Samstundes er det dumt at eg måtte ha ei traumatisk oppleving fyrst, det burde ikkje vere slik.

AKTUELT NÅ