Sjukehuset Telemark er det første sjukehuset i Noreg til å ta i bruk ein ny metode for å hjelpe barnlause.
Til nå har femten barnlause par blitt gravide ved hjelp av den nye prøverørsmetoden.
Det fortel klinikksjef ved Fertilitetsklinikken i Porsgrunn, Jarl Kahn.
Ikkje alle kan bli foreldre
- Tre av dei har alt født barn, og det er vi veldig stolte av. At vi har klart å hjelpe desse til å føde friske barn, seier Kahn.
Det er ikkje slik at alle kan bli foreldre.
Mange lever som ufriviljuge barnlause. Faktisk har kvart sjuande par problem med å bli gravide.
Fertilitetsklinikken i Porsgrunn ligg langt framme når det gjeld forsking på barnlause, og Jarl Kahn er blant landets dyktigaste spesialistar.
Han reknar med at det på årsbasis er rundt 400 barnlause par i Noreg som treng hjelp ved bruk av den nye metoden.
Enkel behandling
Men metoden er ikkje ny i seg sjølv. Mange har alt fått denne typen behandling i utlandet.
I tillegg er den svært enkel.
- Det går ut på å hjelpe dei para der mannen ikkje har nokon sædceller i sædveska, men likevel kan produsere sædceller som blir liggande i testikkelen, seier Kahn.
Han seier at desse sædcellene er det nå blitt lov å hente ut og bruke til å befrukte eit egg hos kvinna. Det er ei endring i bioteknologilova som har gjort dette mogeleg.
Klinikksjef Jarl Kahn og seksjonsleiar Paula Faye Rode ved Fertilitetsklinikken i Porsgrunn ved mikromanipulatoren der sædceller og egg blir miksa. Foto: Anita MOland, NRK