Hopp til innhold

Noregs einaste countrylinje: Neste stopp Nashville

Kvar sommar blir store namn og titusenvis av fans lokka til Countryfestivalen i Seljord. Då skulle det berre mangle at den lokale folkehøgskulen har si eiga countrylinje.

Klassekompisene Markus Istad Liehus (banjo), William Coley Tveiten (bass) og Oliver Berntzen. Seljord Folkehøyskole

TØFFE KARAR: Klassekompisane Markus Istad Lirhus (banjo), William Coley Tveiten (bass) og Oliver Berntzen utgjer countrylinja ved Seljord Folkehøgskule.

Foto: Privat

– Det er heilt fantastisk.

Oliver Berntzen er korrekt kledd.

Med raudruta flanellskjorte og ein svartlakkert kassegitar av typen Yamaha hengande på hofta, herskar det liten tvil om at me har kome til rett klasserom på Seljord Folkehøgskule.

Her er det langt mellom pultane og kort mellom forsterkarar, pedalar, mikrofonstativ og høgtalarar.

Saman med klassekompisane William Coley Tveiten (bass), Markus Istad Lirhus (banjo) og lærar Kjetil Flatland (piano) er han i full gang med å øve når NRK stikk innom.

Saman utgjer dei Noregs einaste countrylinje.

Fyrste runde

Seljord har lange musikalske tradisjonar, men den unike countrylinja vart fyrst starta i 2023.

At nettopp denne sjangeren er hovudvekt på linja er ikkje tilfeldig.

Seljord er vertskap for Nordens største countryfestival kvar sommar, og blir gjesta kvart år av store nasjonale og internasjonale countryartistar.

Countryfestivalen i Seljord 2019

Countryfestivalen i Seljord samlar tusenvis av musikkinteresserte kvart år.

Foto: Anne Lognvik

Tett samarbeid med Countryfestivalen og profesjonelle aktørar i bransjen er ein del av opplegget.

Brenn for sjangeren

For bussjåføren Oliver Berntzen (21) frå Melhus er opphaldet i Seljord ein draum som går i oppfylling.

Han har drive med musikk i fleire år, og har ein eigen forkjærleik for country.

Oliver Berntzen

Oliver Berntzen brenn for country-sjangeren.

Foto: Stian Wåsjø Simonsen / NRK

– Det varmar og gir meg ei eiga glede. Denne linja er perfekt for meg, fortel han.

Artistar som Johnny Cash og Willie Nelson står høgt i kurs.

– Eg likar den gjengen der.

– Er du den neste countrystjerna?

– Næh, det vil tida vise, seier Berntzen, som allereie kan skilte med fleire sjølvskrivne låtar, og har planlagt fleire konsertar med resten av gjengen.

Markus Istad Liehus.

Markus Istad Lirhus er ein av tre elevar ved linja i Seljord.

Foto: Stian Wåsjø Simonsen / NRK

Markus Istad Liehus trakterer banjo og gitar i gruppa. Han har fått mykje ut av dei fyrste månadane på folkehøgskulen i Seljord.

– Eg har vorte mykje betre til å spele framfor folk, og spele i band saman med andre, fortel han.

Dreg på langtur

Det er store ting på gang for den vesle musikalske banden.

Neste veke går turen til sjølvaste Nashville i USA, ein by mange ser på som ein slags hovudstad for country-sjangeren.

Her starta Dolly Parton karrieren for alvor.

Johnny Cash har sitt eige museum i byen.

Det same har den no 90 år gamle Willie Nelson, som på 60-talet skal ha vandra gatelangs på jakt etter eit plateselskap som ville signere den seinare verdskjende artisten.

Willie Nelson, med gitar og lange fletter, på scenen på Rockefeller i Oslo i 2002.

Willie Nelson (90) er ein av mange artistar som har trakka gatelangs i Nashville. I dag bur han i Texas.

Foto: NTB

Det er kort og godt her det skjer når ein snakkar om country, vil mange meine.

At gjengen frå Seljord skal vere med å ta del i moroa er stort, seier Berntzen.

I Nashville skal dei mellom anna jobbe med produsenten til countrystjerna Brad Paisley.

– Det betyr mykje for heile gjengen. Me skal kose oss, seier han.

Countrylinja i Seljord

Markus Istad Lirhus, Oliver Berntzen og William Coley Tveiten (bass) frå ein konsert i haust.

Foto: Reinhold Kager