Hopp til innhold

Manglar over 2000 helsesjukepleiarar: – Det burde nesten vore ulovleg

Kommunar over heile landet slit med å få tak i helsesjukepleiarar. I Tønsberg valde kommunen til slutt å tilsetje sjukepleiarar som framleis er under utdanning til å bli helsesjukepleiar.

Vilde Bugge Larsen

Vilde Bugge Larsen synest mangelen på helsesjukepleiarar er skremmande.

Foto: Privat / Privat

Det manglar over 2000 helsesjukepleiarar i Noreg. Det viser ei undersøking Sintef har gjort for Landsgruppa av helsesjukepleiarar (LaH). Dei er ein del av Norsk sjukepleiarforbund.

Fleire kommunar slit med å få tak i helsesjukepleiarar nå. Det same fekk Tønsberg kommune erfare.

Då fem helsesjukepleiarar skulle pensjonerast samtidig, måtte kommunen til slutt oppfordre helsesjukepleiarar som ikkje var ferdig med utdanninga, til å søke.

Manglar helsesjukepleiarar

Rektor Jan Erling Losnedal på Vear skule i Tønsberg seier han aldri har opplevd ein liknande situasjon.

Dei har mangla helsesjukepleiarar både på barneskulen og ungdomsskulen.

Jan Erling Losnedal

Jan Erling Losnedal, rektor på Vear skule i Tønsberg.

Foto: Vegard Lilleås / NRK

På ungdomsskulen har dei mangla dette sidan februar, men på barneskulen skal det komme no i haust.

Losnedal fortel at mangelen på helsesjukepleiar på barne- og ungdomsskulen råkar 521 elevar.

– Utruleg kjipt

Vilde Bugge Larsen (17) er tidlegare elev ved Vear ungdomsskule. I dag er ho medlem av Ungdomsrådet i Tønsberg. Ho synest mangelen på helsesjukepleiarar er skremmande.

– Eg synest det er utruleg kjipt. Det burde nesten vore ulovleg. Vi ungdom går gjennom ei tøff tid og då er det utruleg viktig at vi har lett tilgang til ein helsesjukepleiar som vi kan støtte oss til.

Ho legg til at det kan få store konsekvensar for barn og ungdom.

– Det går utover psyken og det fysiske til ungdommen om ein ikkje får den hjelpa ein treng. Konsekvensane blir at ein kanskje går rundt og slit. Det å få hjelp frå ein helsesjukepleiar kan faktisk redde liv.

Stor interesse for utdanninga

Ann Karin Swang seier situasjonen ikkje er unik for Tønsberg. Ho er leiar i Landsgruppa for helsesjukepleiarar.

– Det merkar vi ut i kvar einaste kommune. Og det går sjølvsagt ut over barn og unge, seier ho og refererer til rapporten frå Sintef.

– Kva er det som er årsaka til mangelen på helsesjukepleiarar?

– Det er i alle fall ikkje fordi interessa for å bli helsesjukepleiar er liten. Vi har kjempestor søknadsmasse på kvar einaste plass på helsesjukepleiarutdanninga.

Men det er veldig låg utdanningskapasitet på alle høgskulane, ifølgje Swang.

– Det er sikkert fleire grunnar til det, men ein av grunnane er at utdanninga er lågt prioritert i høgskule og universitetsmiljøet. Så det tenker eg at nasjonale styresmakter må seie noko om.

Portrettbilde av Ann Karin Swang, leder for landsgruppa av helsesykepleiere.

Ann Karin Swang, leiar i Landsgruppa for helsesjukepleiarar.

For få studieplassar

I Agder er det oppretta fleire nye studieplassar for å bli helsesjukepleiar, men Swang meiner det ikkje vil vere nok.

– Vi er ein profesjon og ei faggruppe med ganske høg gjennomsnittsalder, så vi treng atskilleg fleire plassar viss vi skal dekke opp for dei som går av med pensjon neste år.

Landsgruppa for helsesjukepleiarar ønsker at pengar til helsesjukepleiarane blir øyremerkte. Swang seier pandemien tydeleg har vist kor viktig yrkesgruppa deira er.

Verksemdsleiar for barn og unge i Tønsberg kommune, Line Tonholdt Børresen, opplyser til NRK at situasjonen løyste seg etter at kommunen endra stillingsutlysinga.

Rektor Jan Erling Losnedal på Vear skule er positiv til korleis kommunen løyste problemet.

– Ja. Det tenker eg er ei grei løysing.

Praksisplassar er ein flaskehals

Forskings- og høgare utdanningsminister Henrik Asheim (H) er heilt samd i at det trengst fleire helsesjukepleiarar. Han peikar også på at regjeringa har styrkt vidareutdanningar i spesialsjukepleie, inkludert helsesjukepleiarutdanning, med 200 plassar i fjor.

Men det er opp til universiteta og høgskulane å avgjere kva vidareutdanningar studieplassane skal gå til.

– Denne regjeringa har satsa stort på å auke kapasiteten i høgare utdanning. I revidert nasjonalbudsjett i fjor styrkte vi helse- og sosialfagutdanningane med 1100 studieplassar.

Av desse gjekk 200 til vidareutdanningar i spesialsjukepleie, inkludert helsesjukepleiarutdanning. Desse studieplassane vart vidareførte i år.

– Vi øyremerkte ikkje kva vidareutdanningar desse plassane skulle gå til, fordi universiteta og høgskulane må sjå dette i samanheng med tilgangen på praksisplassar, eigen kapasitet og behovet i samfunnet for kompetanse i sin heilskap.

Henrik Asheim, Arbeids-og sosialminister.

Forskings- og høgare utdanningsminister Henrik Asheim (H).


– Vi veit at tilgangen på gode praksisplassar for studentane er ei stor utfordring. Derfor har regjeringa lansert ei rekke tiltak for meir og betre praksis i stortingsmeldinga om arbeidsrelevans som kom i vår. Her legg vi vekt på at lærestadene og arbeidsgivarane må finne saman for å sikre at praksisplassar ikkje blir ein flaskehals for utdanning av helsesjukepleiarar.

Flere nyheter fra NRK Vestfold og Telemark