Apotek 1 Bien i Skien har opplevd ein stor auke i salet av produkt som erstattar nikotin etter at den nye røykelova trådde i kraft frå 1.juni.
Salet er nesten fordobla frå juni 2003 til juni 2004, men framleis er det nokon som ikkje klarar å slutte.
Marit Jørgensen er ein av mange røykarar som fikk tøffare tider frå 1.juni i år.
- Eg har prøva mange ting, men det er ingenting som hjelper. Eg kunne gjerne tenke med å slutte, seier ho.
Stort oppsving i salet av røykeplaster
For då blei røykelova innført, og samstundes med den kom også eit stort oppsving i salet av nikotinerstatningsprodukt.
På Apotek 1 Bien i Skien gikk salet av slike produkt opp med nesten det dobbelte.
Dagleg leiar ved apoteket, Sidsel Sauar, kommenterer tala på denne måten.
- Vi trur det er både røykelova og det at vi er blitt meir konkurransedyktige, seier Sauar.