Hopp til innhold

Luftambulansesykkelen seld for 60.000

BØ (NRK): Da luftambulansen redda livet til barnebarnet, la Roald Haugerud motorsykkelen sin ut for sal. No er sykkelen seld, og pengane går rett til Norsk Luftambulanse.

Snorre Aasen kjøpte motorsykkel

BLADDE OPP: Snorre Aasen smalt 60.000 kroner på bordet for motorsykkelen.

Foto: Kurt Inge Dale / NRK

– Eg vart så imponert over det Roald ønska å gjere med pengane. Så her var det berre å klinke til, seier Snorre Aasen mens han kikkar ned på den nye motorsykkelen han har kjøpt.

Håpet var å få 40.000 kroner for sykkelen. Aasen tykte ikkje det var nok pengar i denne samanhengen.

– Ein får alltid litt dårleg samvit når ein seier nei til diverse organisasjonar som ringer og ber om pengar. Så når eg no fyrst skulle bidra, så smalt eg til med 20.000 kroner ekstra, seier Aasen.

Max

PUSTEVANSKAR: Luftambulansen spelte ei viktig rolle da Max måtte på sjukehus i sommar.

Foto: Britt Boyesen / NRK

Ville gje noko tilbake

Den blå motorsykkelen frå 1975 og Roald Haugerud har hatt mange fine turar saman opp igjennom åra. Likevel er det ikkje vanskeleg for Haugerud å skilje lag med veteranen.

– Luftambulansen gjorde ein heilt fantastisk jobb. Kvart sekund var heilt kritisk, og det er difor viktig for meg å gje noko tilbake, seier Haugerud.

I sommar opplevde Roald Haugerud alle besteforeldre sin store skrekk.

Roald Haugerud

NØGD: Roald Haugerud var nøgd med å få 60.000 han kunne gje vidare til Norsk Luftambulanse.

Foto: Britt Boyesen / NRK

Dottera og svigersonen hadde akkurat kome heim med det nyfødde barnebarnet Max. Alt var vel og bra heilt til den nyfødde guten fekk pustevanskar. Kort tid etter var luftambulansen på plass.

Det har difor vore viktig for Haugerud at han fekk mest mogleg pengar for sykkelen.

Suzuki

VETERAN: Motorsykkelen er av typen Suzuki GT 125 og vart fødd i 1975.

Foto: Britt Boyesen / NRK

Vert pyntegjenstand

I tillegg til den gode kjensla Aasen får av å gje pengar til Norsk Luftambulanse, sit han også igjen med ein sykkel han set høgt.

– Dette er også ein gutedraum som går i oppfylling. Alle me gutane som vaks opp i området her drøymde om å eige ein Suzuki av denne typen, seier Aasen der han sit på det nye vidunderet.

Sykkelen kjem likevel ikkje til å sjå vegen så alt for mykje.

– Den kjem til å stå til pynt på kontoret der eg jobbar. Men eg må nok køyre den av og til. Eg kjem ikkje til å klare å dy meg, flirer Aasen.