Ordførarar i Nome, Jan Thorsen, vil at arbeidsgruppa for E-134 og riksveg 36 også skal jobbe for ny trase for riksveg 359, Lannavegen, mellom Ulefoss og Bø.
Vedtok ny trase for tjue år sidan
Ordføraren i Nome vil ha ny Lannaveg mellom Ulefoss og Bø.
Det er vedteke ny trase til erstatning for den smale og rasutsette vegen sidan midten av 80-talet, men det har aldri blitt realisert.
Nå håpar Nome-ordføraren at ei pakkeløysing for E-134 og rv 36 kan vere det som kan føre til ein ny Lannaveg blir ein røyndom.
- Denne arbeidsgruppa arbeider no med planar for nye vegprosjekt, og vi synes det er naturleg at riksveg 359 blir ein del av desse plannane, seier Thorsen.
Er omkjøringsveg for rv 36
Lannavegen går mellom Ulefoss og Bø gjennom Lunde. Den går parrallelt med riksveg 36 som er hovudtraseen mellom Ulefoss og Bø.
Det er ein svingete, og til tider svært rasutsett veg. Trafikken fører til store belastningar for dei som bur langs vegen.
- Dersom riksveg 36 blir stengt, er dette den einaste relle omkjøringsvegen, seier Thorsen.
Han meiner det er viktig at vegen blir bygt der det blei vedteke for tjue år sidan.
Er litt i forkant
Arne Storhaug er ordførar i Bø og leiar arbeidsgruppa for europaveg 134 og riksveg 36.
Han stadfester at arbeidsgruppa har gjort ein god del jobb for å kombinere ei utbygging av riksveg 36 og Lannavegen.
- Så kanskje vi ligg litt i forkant med arbeidet, seier Storhaug.