Hopp til innhold

Kø for å få omvisning i Dalen gruver

BREVIK (NRK): Det var stor interesse for å få ei omvising i Norcem sine gruver i Brevik søndag. Bedrifta fyller hundre år og inviterte publikum inn i Dalen gruver.

Det var stor interesse for å få ei omvisning i Norcem sine gruver i Brevik søndag.

Norcem er no den einaste sementfabrikken som er att i Noreg. Arbeidet i kalksteinsgruvene i Brevik starta i 1928, og denne kalksteinen har vore basisen for sementen som blir produsert på Norcem.

Norcem har ein årsproduksjon på 1,2 millionar tonn sement og har om lag 180 tilsette.

Søndag var det kø for å få med seg ei omvising inne i gruvene.

– Vi gjer dette for å vise bedrifta frå innsida. Vi fyller hundre år i år, og det er eit godt høve til å vise fram arbeidsplassen som er stolte av, seier Morten Rulnes.

Det er kalkstein som er råstoffet til sementproduksjonen, og det er kalkstein som blir teke ut av gruvegangane. I alt er det 25 mil med gruvegangar inne i fjellet under Eidangerfjorden.

Norcem er hundre år og lar publikum få omvisning i Dalen gruver.

Morten Rulnes er guide på ein tur inne i fjellet. Her kan du sjå korleis det ser inne i gruvegangane.