Hopp til innhold

Røe Isaksen: – Alltid beundra Kristin Halvorsen

– Eg har alltid syntest at du har vore ein av de flinkaste, sa Røe Isaksen til Kristin Halvorsen.

Torbjørn Røe Isaksen

Torbjørn Røe Isaksen overtar som kunnskapsminister etter Kristin Halvorsen.

Foto: Eirik Haugen / NRK

Landets nye kunnskapsminister, Torbjørn Røe Isaksen frå Porsgrunn, kom med ei lita avsløring då han overtok som statsråd onsdag.

Under nøkkeloverrekkinga i Kunnskapsdepartementet rosa han avtroppande kunnskapsminister Kristin Halvorsen frå Porsgrunn.

– Eg har alltid syntest at du har vore ein av de flinkaste, sa han til Kristin Halvorsen (SV).

Røe Isaksen berømma sin forgjengar for at ho etter hans meining har klart å føre eit klart og folkeleg språk som politikar.

– Vi som driv med politikk, har lett for å rote oss bort i vanskelege ord og begrep, sa han.

Lærte Høgrefolk å seie ungar

Kristin Halvorsen

Kristin Halvorsen gjekk av som kunnskapsminister onsdag.

Foto: Bendiksby, Terje / NTB scanpix

Før han gjekk over til å vise til at Halvorsen med sitt klare språk har fått sjølv Høgre-folk til å seie ungar og ikkje barn.

Den nye kunnskapsministeren nytta også høvet til å seie nokre ord om norske skular og barnehagar.

– Det er mykje som ser ut som at det går i rett retning igjen i norsk skole, og så er det barnehageløftet som du må få ta mykje av æra for, sa han.

Kristin Halvorsen sa etter nøkkeloverrekkinga at ho ikkje er vemodig, men at ho i første rekkje er takksam for å ha fått jobba for barn og unge i sine år som kunnskapsminister.

Flere nyheter fra NRK Vestfold og Telemark