Hopp til innhold

Jublar for ny kontrakt i Brevik

Vard i Brevik sikrar seg ny millionkontrakt trass i nedskjæringar i oljebransjen

Vard brevik

Vard Brevik har inngått ein ny kontrakt med Island Offshore for utrusting av eit offshore supplyskip av denne typen.

Foto: Ragnar Lurås / NRK

Skipsverftet Vard i Brevik har i dag fått ein ny kontrakt for eit offshore supply skip til ein verdi av 300 millionar kroner.

Les også:

Kontrakten er inngått med Island Offshore, som frå før har kontrakt på fem skipsskrog som blir utrusta ved verftet i Brevik.

– I dag har vi feira ein ny kontrakt med vår trofaste kunde Island Offshore. Det var svært gledeleg å kunne annonsere på ein fredag, seier Lars Ivar Bøe, direktør i Vard Brevik.

Skipet skal leverast i første del av 2016. Skroget vil bli levert frå Vard sitt skipsverft i Romania.

Les også:

Trufast kunde for Vard

Lars Ivar Bøe, Vard Brevik

Direktør Lars Ivar Bøe, Vard Brevik.

Foto: Ragnar Lurås / NRK

Lars Ivar Bøe seier det betyr veldig mykje for Vard Brevik å ha slike trufaste kundar som Island Offshore.

Dette er ordre nummer 30 Vard Brevik har fått frå Island Offshore sidan rederiet blei etablert i 2003.

– Vi har god tillit til kvarandre. Og dei relasjonane vi har til rederiet er unike, seier Bøe.

Det er tøffare tider med mindre investeringar i oljebransjen, og difor betyr den nye kontrakten mykje for skipsverftet i Brevik.

– Det er tøffare tider oljebransjen. Men nå er vi sikra arbeid til sommaren 2016 her i Brevik, og det er vi veldig fornøgd med, seier Bøe.

Les også:

Flere nyheter fra NRK Vestfold og Telemark