Hopp til innhold

Hytte brant ned på Myklestul

Ei hytte brann ned til grunnen på Myklestul mellom Seljord og Bø sundag ettermiddag.

Brann i hytte på Myklestul

Brannen hadde fått godt tak då brannvesenet kom fram til staden. Og det var ikkje mogleg å redde hytta.

Laster Twitter-innhold

Det var ein hyttenabo som melde frå om brannen som brannvesenet fekk melding om klokka 15.27 sundag ettermiddag.

– Det var ikkje folk inne i hytta, melder NRK sin reporter Mikkel Aanderaa på staden.

Laster Twitter-innhold

Høyrde eit smell

Kjell Verpe er hyttenabo og var på hytta si som ligg om lag fem hundre meter frå i luftlinje frå hytta som brann.

– Eg høyrde eit smell som kom i den retninga eg var. Eg var usikker på kva det var, men ikkje lenge etter såg eg mykje røyk frå hytta, seier Verpe.

Han kjenner hytteeigaren og ville køyre bort for å sjå kva det var. Og då han kom bort var hytta i full fyr.

– Eg ringde brannvesenet først, og varsla hytteeigaren etterpå, seier Verpe.

Det var ingen personar inne i hytta då den tok til å brenne.

Laster Twitter-innhold

Flere nyheter fra NRK Vestfold og Telemark