Hopp til innhold

Arbeiderforening vart søkkrike på hytteutleige – fagforeningskjempe ber LO komme på banen

Feriestaden som Herøya Arbeiderforening kjøpte på 50-talet har gjort dei til mangemillionærar. Hytteutleige har skapt ei «klubbkasse» få andre fagforeiningar kan vise til.

Utleiehytter på Bjørkøya

UTLEIEHYTTER: Berre dei siste to åra har arbeidarforeininga tent nesten 10 millionar på utleige av hyttene på Bjørkøya.

Foto: Lars Tore Endresen / NRK

– Basert på talet på medlemmer er vi sannsynlegvis den rikaste fagforeininga i landet, seier Tor-Morten Thorsen.

Han leier Herøya Arbeiderforening (HAF), som i 1953 kjøpte Bjørkøya i Porsgrunn og seinare starta med hytteutleige.

Dei siste åra har alle, uavhengig medlemskap, kunna leige hytte her.

Berre dei siste to åra har arbeidarforeininga tent nesten 10 millionar på utleige av hyttene på øya.

Bjørkøya ligg i Eidangerfjorden i Porsgrunn og er eit populært utfartsmål for turistar og lokalbefolkninga i sommarhalvåret.

Tor Morten Thorsen

Tor-Morten Thorsen i Herøya Arbeiderforening går ut frå at han leier den rikaste fagforeininga i landet.

Foto: Anne Lognvik / NRK

Fellesforbundet-slugger reagerer

Den mangeårige kjempa i Fellesforbundet i Telemark, Arne Hagen, stussar over at LO ikkje involverer seg i den kommersielle hytteutleiga.

– Det er litt merkeleg at HAF kan halde på på denne måten, utan at LO engasjerer seg. Eg synest det er bra at det blir offentleg kjent at arbeidarforeininga skor seg på denne måten, seier Hagen.

Han har vore ei sterk stemme i Fellesforbundet sidan fagforbundet såg dagens lys i 1988.

Før det var han ei klar røyst i Norsk bygningsarbeidarforbund i Grenland.

– LO bør ha ein tydeleg politikk på denne typen kommersiell drift i regi av ei fagforeining. Det bør vere klare retningslinjer for korleis midlane skal forvaltast, ikkje minst til det beste for medlemmene i foreininga, seier Hagen.

Informasjonstavle på Bjørkøya

Informasjonstavle på Herøya Arbeiderforenings hytte frå 1950-talet.

Foto: Lars Tore Endresen / NRK

LO: Ikkje noko stort problem

Informasjonssjef Trond Gram i LO ser ikkje noko stort problem med at ei fagforeining byggjer opp eigenkapital til klubbkassa ved hjelp av utleige av eigen eigedom.

Bør fleire gjere som Herøya Arbeiderforening og satse kommersielt for å berike fagforeininga og styrkje klubbkassa?

Det må nesten bli opp til kvar enkelt fagforeining korleis dei ønskjer å disponere fellesskapsmidla. Dei fleste fagforeiningar har over tid selt feriestadene sine. Når Herøya Arbeiderforening har oppgradert feriestaden, tek dei i alle fall vare på historia, seier Trond Gram.

Han legg til at det må vere opp til forbunda å forme ut eventuelle reglar.

Fornøgde leigarar

På terrassen utanfor ei høgst moderne hytte på Bjørkøya sit Kai-Henning Olsen og Andrea Aasmoe Mathy og nyt sola over ein kaffikopp.

Kai-Henning Olsen med familien sin, Olai, Hanna og Andrea Aasmo Mathy, ferierer på en av hyttene til Herøya arbeiderforening på Bjørkøya i Porsgrunn

Andrea Aasmoe Mathy, Kai-Henning Olsen og barna hans Hanna og Olai Gorudvollen Olsen storkoser seg på Bjørkøya.

Foto: Lars Tore Endresen / NRK

Olsen har ingen problem med at feriepengane bidreg til å finansiere ei fagforeining.

– Vi synest dette er ein veldig fin måte å feriere på. At vi leiger av ei arbeidarforeining framfor nokre private, synest eg er heilt i orden.

Millioninntekter under pandemien

Det er ingen tvil om at kjøpet av Bjørkøya har vorte ei gullgruve for Herøya Arbeiderforening.

Dei to siste åra har fagforeininga fått inn høvesvis 4,5 og 4,6 millionar kroner.

Eigenkapitalen er grunnsolid og var på nærare 50 millionar kroner ved årsskiftet.

– Det meste av eigenkapitalen er bunden opp i eigedommen på Bjørkøya, så det er klart at viss du tenkjer marknadspris er den reelle verdien langt høgare, erkjenner Tor-Morten Thorsen.

Ellevill marknadspris

Eigedomsmeklar Henrik Tangen i Krogsveen er ikkje i tvil.

– Ja, den reelle verdien er heilt klart mykje, mykje høgare enn 50 millionar, seier Tangen, som tidleg på 2000-talet hjelpte HAF med å selje nokre av dei eldre hyttene.

Henrik Tangen i Krogsveen

Eigedomsmeklar Henrik Tangen i Krogsveen.

Foto: Gry Eirin Skjelbred / NRK

Gjeldssituasjonen gir neppe grunn til bekymring i Herøya Arbeiderforening.

Den totale gjelda er på snaue 400.000 kroner, og dei har ei kassebehaldning på over 14,3 millionar kroner.

HAF-leiar Tor-Morten Thorsen tek likevel ikkje av.

– Det vi tener på hytteutleiga går med til drift og vedlikehald av hyttene og eigedommen generelt. Vi har også lønnsutgifter til vaktmeister og sekretæren i foreininga. Noko av overskotet går også med til å styrkje eigenkapitalen.

Flere nyheter fra NRK Vestfold og Telemark

Seriekobla campingvogner

Seriekoblede campingvogner på ferga mellom Horten og Moss: – Er som et vogntog