Hopp til innhold

Har mistanke om at fleire er involvert i cannabisplantasjen

Cannabisplantene blei nyleg oppdaga i eit fjellanlegg i Porsgrunn. To personar er varetektsfengsla så langt, og politiet mistenker at det er fleire som er involvert.

Cannabisplantasjen var skjult inne i dette fjellanlegget i Porsgrunn.

CANNABISPLANTASJE: Inne i fjellanlegget skal de involverte ha dyrka fram cannabis.

Foto: Nils Fridtjof Skumsvoll / NRK

Eigarane reagerte på lukt frå anlegget dei leiger ut, og kontakta politiet.

Dei reagerte raskt, og fant nesten 700 cannabisplanter da dei slo til mot staden tysdag denne veka. To menn er så langt varetektsfengsla i saka.

God plass

Med dryge 900 kvadratmeter til rådigheit innandørs, har dei som leigde hatt god plass å boltre seg på.

Her finst toalett, bad, kjøkken og sovesal.

I tillegg hadde dei tilgang til fleire store rom i fjellanlegget som tidlegare huset Sivilforsvaret i Porsgrunn.

Tomta er fem mål stor, og ligg ein snau kilometer frå byens sentrum.

Tekniske undersøkingar

Politiadvokat Ingunn Hodne fortel at det nå blir jobba med omfattande tekniske undersøkingar i fjellanlegget.

politiet med hvit drakt, hette og maske bærer utstyr utenfor fjellhallen

Politiet gjer omfattande tekniske undersøkingar i fjellanlegget

Foto: Theo Aasland Valen

– Det er mykje spor som skal sikrast, for det er eit stort område.

To menn blei arrestert etter politiaksjonen tysdag.

Torsdag blei begge varetektsfengsla i fire veker, med brev- og besøksforbod dei to første vekene.

Trur fleire er involvert

Den eine sikta er ein 58 år gammal mann frå Vestfold som skal ha innrømma medverking til narkoproduksjon.

Den andre sikta er ein 36-åring med thailandsk statsborgarskap. Han nektar straffskyld.

Politiet har opplysningar om at så mange som 10 personar har vore inne i lokala, og at det er fleire bakmenn.

– Vi mistenker at det er fleire som er involvert. Men det er tidleg i etterforskinga, og det er ikkje snakk om å arrestere nokon ennå, seier Hodne.

Ingunn Hodne

Politiadvokat Ingunn Hodne seier politiet har grunn til å tru at fleire er involvert i cannabisproduksjonen i Porsgrunn. – Men kor mange, er førebels usikkert, seier ho.

Foto: Tordis Gauteplass / NRK

Stor cannabisplantasje

Anlegget der plantasjen vart funnen, ligg eit steinkast frå Sivilforsvaret i Porsgrunn sine lokale.

– Anlegget vart selt av Forsvarsbygg i 2018, og har inga tilknyting til oss. Då dette er ei politietterforsking ønskjer vi ikkje å komme med fleire kommentarar til dette, seier stabssjef Jannicke Henriksen.

No blir fjellanlegget eigd av Key Property, som leiger det ut.

Bak døra skjulte det seg altså 681 cannabisplantar, ein del potter og stiklingar i tillegg til ulikt utstyr som var rigga til produksjon.

Ingunn Hodne seier politiet førebels ikkje har noko overslag over kor mykje narkotikaen er verdt.

– Det er mykje planter det er snakk om. Nokon planter var små, og andre meir utvokst.

Fjellhallen har vore leigd ut sidan 2020, og politiet trur det har gått føre seg narkotikaproduksjon der i denne perioden.

Flere nyheter fra NRK Vestfold og Telemark